Isaiah 39NO1978NN

1På den tid sende babylonarkongen Merodak Baladan, son til Baladan, nokre menn med brev og gåver til Hiskia. For han hadde høyrt at han hadde vore sjuk, men no var vorten frisk att.

2Hiskia gledde seg då dei kom. Han synte dei huset der han hadde skattane sine, sølvet og gullet, balsambuskane og den fine oljen, våpenhuset og alt det som fanst i skattkammera hans. Det var ikkje den ting i heile hans hus og rike som Hiskia ikkje synte dei.

3Då kom profeten Jesaja til kong Hiskia og spurde han: «Kva sa desse mennene, og kvar kom dei frå?» «Dei kom frå eit land langt borte,» svara Hiskia, «frå Babylonia.»

4«Kva fekk dei sjå i huset ditt?» spurde profeten. Hiskia svara: «Alt det som finst i huset mitt, fekk dei sjå. Det var ikkje den ting i skattkammera mine som eg ikkje synte dei.»

5Då sa Jesaja til Hiskia: «Høyr ordet frå Herren, Allhærs Gud:

6Det kjem ei tid då alt det som er i huset ditt, og det som fedrane dine har samla til denne dag, skal førast bort til Babylonia. Det vert ingen ting att, seier Herren.

7Dei skal ta nokre av sønene dine, av dei som er ætta frå deg, og gjera dei til hoffmenn i slottet åt babylonarkongen.»

8Då sa Hiskia til Jesaja: «Godt er det ordet frå Herren som du har tala.» Han tenkte: «Det vert nok trygt og godt så lenge eg lever!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 39.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.