Isaiah 18NO1978NN

1Ve deg, land, ¬der venger svirrar, bortanfor elvane i Nubia,

2du som sender bodberarar ¬over sjøen, med sevbåtar over vatnet! Gå, de snøgge sendemenn, til det høgvaksne folket ¬med glinsande hud, til folket dei ottast vide ikring, det sterke folket ¬som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore ¬av elvar.

3Alle de som lever på jorda, som byggjer og bur ¬ikring i landa, sjå opp når dei lyfter ¬samlingsmerket på fjell, høyr etter når dei blæs i horn!

4For så har Herren sagt til meg: Frå min bustad ser eg ¬roleg ned, som når heten dirrar ¬i solskinet, som når skoddeeimen ligg der ¬ein haustdag.

5Men etter at bløminga er slutt, når druene held på og mognast, men før dei enno er hausta, skjer han rankene bort ¬med kniv, riv dei av og kastar dei frå seg.

6Dei skal alle gjevast til rovfugl i fjellet ¬og villdyr på marka. Om sommaren er rovfuglen ¬over dei og om vinteren alle dei ¬ville dyr.

7På den tid skal dei koma med gåver til Herren, Allhærs Gud, frå det høgvaksne folket med glinsande hud, frå folket dei ottast vide ikring, det sterke folket som trakkar ned andre, i eit land som er gjennomskore av elvar, – til den staden der namnet åt Herren, Allhærs Gud, bur, til Sion-fjellet.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 18.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.