Isaiah 17NO1978NN

1Domsord mot Damaskus. Sjå, no er det ute ¬med Damaskus! Byen skal verta ein grushaug.

2Byane kring Aroer ¬skal verta folketome; buskapar skal liggja ¬og kvila der, og ingen skal skræma dei.

3Efraim skal missa si faste borg og Damaskus sitt kongedøme. Det som er att av Aram, skal ikkje ha større ære ¬enn Israel, lyder ordet frå Herren, ¬Allhærs Gud.

4Den dagen vert det smått ¬med Jakobs herlegdom, hans gode hold tærest bort.

5Det går som når skurdfolket samlar aksa med armen og skjer dei av; det er som når ein sankar aks nede i Refa’im-dalen.

6Berre ein etterhaust vert att, som når ein slår ned oliven: to – tre frukter øvst i treet og fire – fem på greinene, lyder ordet frå Herren, ¬Israels Gud.

7Den dagen skal mennesket sjå opp til sin skapar, og retta augo ¬mot Israels Heilage.

8Dei skal ikkje venda seg ¬til dei altar som deira hender har gjort, eller sjå på det ¬deira fingrar har laga, Asjera-pålane ¬og røykjelsesaltara.

9Den dagen skal ¬deira festningsbyar liggja så aude som dei stader hevittane og amorittane ¬drog bort ifrå då israelittane kom, og landet skal vera ¬ei øydemark.

10For du har gløymt Gud, ¬din frelsar, berget, ditt vern, ¬har du ikkje kome i hug. Difor kan du planta ¬den finaste hage og setja framande vintre i han.

11Om du får dei til å veksa ¬den dagen du plantar, og spira den morgonen du sår, vert frukta borte ¬når sjukdomen kjem, ein skade som ikkje kan ¬lækjast.

12Ve oss! ¬Høyr brusen av mange folk! Det brusar som havet. Høyr dønet av folkeætter! Det dyn som veldig vatn,

13det er som duren ¬av mektige bylgjer. Men når Herren trugar dei, rømer dei langt av stad. Dei vert drivne som agner ¬for vinden på haugane, som den kvervlande tistel ¬for stormen.

14Om kvelden er det redsle ¬som rår, men før morgonen renn, ¬er dei borte. Så går det dei som ¬plyndrar oss, slik lagnad får dei ¬som ranar oss.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Isaiah 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.