1Herren sa til meg: «Gå endå ein gong bort og elska ei kvinne som har ein elskar og bryt ekteskapet, liksom Herren elskar israelittane, endå dei vender seg til andre gudar og elskar rosinkaker!»
2Då kjøpte eg meg ei slik kvinne for femten sekel sølv og halvannan homer bygg.
3Og eg sa til henne: «I lang tid skal du sitja der utan å driva utukt. Du skal ikkje ha nokon annan mann, og heller ikkje eg vil koma til deg.»
4For i lang tid skal israelittane sitja der utan konge og hovding, utan offer og steinstøtte, utan efod og husgudar.
5Sidan skal israelittane venda om og søkja Herren sin Gud og David, sin konge; og skjelvande skal dei koma til Herren og dei gode gåvene hans i dei siste dagar.