Hosea 2NO1978NN

1De skal seia til brørne dykkar: «mitt folk» og til systrene dykkar: «du som har fått miskunn».

2Før klagemål mot mor dykkar, før klagemål mot henne! For ho er ikkje kona mi, og eg er ikkje mannen hennar. Lat henne få horemina bort ¬frå andletet og horemerket frå barmen!

3Elles skal eg kle henne naken og stella henne fram ¬som ho var den dagen ho vart fødd. Eg vil gjera henne lik ¬ei øydemark, eit turrlende, og la henne døy av torste.

4Borna hennar ¬vil eg ikkje miskunna, for dei er horeborn.

5For mor deira var utru, ho som fekk dei, ¬bar seg skamleg åt. Ho sa: «Eg vil fara ¬etter mine elskarar, som gjev meg brød og vatn, ull og lin, olje og vin.»

6Sjå, difor vil eg stengja vegen for henne med klunger. Eg reiser ein mur ¬framføre henne, så ho ikkje finn sine stigar.

7Når ho renner ¬etter sine elskarar, skal ho ikkje nå dei att; når ho leitar etter dei, skal ho ikkje finna dei. Då skal ho seia: «Eg vil attende til min fyrste mann, for eg hadde det betre då ¬enn no.»

8Ho skjøna ikkje at det var eg som gav henne kornet, ¬vinen og oljen, som gav henne sølv og gull ¬i mengd, som dei bruka ¬når dei dyrka Ba’al.

9Difor vil eg ta att kornet mitt, ¬når den tid kjem, og vinen min, ¬når tida er komen. Eg vil ta bort ulla mi ¬og linet mitt, som skulle løyna ¬hennar nakne kropp.

10No vil eg kle henne naken beint for augo ¬på hennar elskarar, og ingen skal fria henne ut ¬or mi hand.

11Eg gjer ende ¬på all hennar glede, hennar festar, nymånedagar ¬og sabbatsdagar, alle hennar høgtider.

12Eg øydelegg hennar vintre ¬og fikentre. Om dei har ho sagt: ¬«Dei er mi løn, som mine elskarar gav meg.» Eg gjer dei til villskog, og dyra på marka skal eta dei.

13Eg krev henne til rekneskap ¬for dei dagar då ho brende offer ¬for Ba’al-gudane, pynta seg med ringar og kjeder og gjekk etter sine elskarar, men gløymde meg, lyder ordet frå Herren.

14Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne.

15Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.

16Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al.

17Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.

18Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt.

19Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn.

20Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.

21Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda.

22Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.

23Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.