Hosea 14NO1978NN

1Samaria skal bøta, fordi folket i byen ¬var trassig mot sin Gud. Dei skal falla for sverd, deira småborn skal knusast, og kvinnene som ventar barn, skal skjerast opp.

2Vend om, Israel, ¬til Herren din Gud, for synda di har ført deg til fall.

3Kom med dei rette ord, vend om til Herren og sei: «Tilgjev all vår skuld, og ta imot vår gode gåve, så gjev vi deg lovsong ¬med våre lipper!

4Assur kan ikkje hjelpa oss. Vi vil ikkje ri på hestar og ikkje lenger seia: Vår gud! til det våre hender har gjort. Hjå deg finn den farlause ¬miskunn.»

5Eg vil lækja deira fråfall, og eg vil elska dei av hjarta, for vreiden min har vendt seg ¬frå dei.

6Eg vil vera som dogg for Israel; han skal bløma som ei lilje og røta seg som trea ¬på Libanon.

7Hans renningar ¬skal breia seg utover, han skal vera fager ¬som oliventreet og anga som skogen ¬på Libanon.

8Atter skal dei bu ¬i min skugge, endå ein gong ¬skal dei dyrka korn. Dei skal bløma som eit vintre, få ry som vinen frå ¬Libanon.

9Kva skal Efraim ¬med avgudar meir? Eg vil bønhøyra han ¬og sjå til han. Eg er som ein grøn sypress, frå meg skal frukta di koma.

10Kven er så klok ¬at han skjønar dette, så vitug ¬at han merkar seg det? Ja, Herrens vegar er rette, dei rettferdige ferdast ¬på dei, men illgjerdsmennene ¬snåvar.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.