Hosea 13NO1978NN

1Når Efraim tala, ¬vart alle redde, han stod høgt i Israel. Men han dyrka Ba’al; såleis førte han skuld over seg ¬og døydde.

2Og no held dei fram ¬med å synda. Dei lagar støypte bilete ¬av sitt sølv og avgudar ¬etter sitt eige hovud – alt er det gjort ¬av handverkarar. Folk seier om dei: «Dei som ofrar menneske, ¬kysser kalvar.»

3Difor skal dei verta ¬som ei morgonsky, lik dogg som tidleg kverv, lik agner som blæs bort ¬frå treskjevollen, lik røyk som stig opp ¬gjennom ljoren.

4Eg er Herren din Gud, heilt frå du var i Egypt. Du kjenner ingen annan Gud ¬enn meg, forutan meg ¬finst det ingen frelsar.

5Eg tok meg av deg ¬i øydemarka, i det heite og turre landet.

6Beitet var godt, ¬og dei åt seg mette. Då dei var mette, ¬vart dei store og stolte, difor gløymde dei meg.

7Eg vil vera mot dei som ei løve, lik leoparden ¬som lurer ved vegen.

8Eg vil koma over dei ¬som ei binne som dei har teke ungane frå, og riva sund deira bryst. Eg vil eta dei opp som ei løve, villdyra i marka ¬skal slita dei sund.

9Når ulukka kjem, Israel, kven skal hjelpa deg då?

10Kvar er då din konge som kan berga deg ¬i alle dine byar, og kvar er dine styresmenn? Du har då sagt: «Gjev meg konge ¬og hovdingar!»

11Eg gjev deg ein konge ¬i min vreide, og i min harme tek eg han bort.

12Efraims misgjerning ¬er oppsamla, hans synd er gøymd.

13Riene kjem, han skal fødast, men han er ein uvitug son. Når tida er ute, kjem han ikkje fram frå mors liv.

14Or helheims vald ¬vil eg fria dei, frå døden vil eg løysa dei ut. Død, kvar er din pest? Dødsrike, kvar er di sott? Medkjensle veit eg ikkje av.

15Ja, han skil brør frå kvarandre. Det kjem ein austavind, ¬eit Herrens ver, farande opp frå øydemarka. Då vert brunnen tom ¬og kjelda turr. Skattkammeret vert plyndra for alle dyre eigneluter.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 13.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.