Hosea 11NO1978NN

1Då Israel var ung, ¬fekk eg han kjær, frå Egypt kalla eg son min.

2Men di meir eg ropa på folket, di meir gjekk dei bort frå meg. Dei ofra til Ba’al-gudane, brende offer for gudebilete,

3– endå eg lærte Efraim å gå og tok dei på armane mine; men dei skjøna ikkje ¬at eg lækte dei.

4Eg drog dei med milde band, ja, med kjærleiks taumar. Eg stelte med dei ¬liksom bonden som lyfter åket frå nakken; eg bøygde meg ned ¬og gav dei mat.

5Dei skal ikkje koma attende ¬til Egypt, men Assur ¬skal vera kongen deira, for dei vil ikkje venda om.

6Sverdet skal rasa i byane deira, bryta sund bommane ¬og eta om seg, for deira planar er vonde.

7Mitt folk heng fast ¬ved sitt fråfall frå meg. Dei ropar alle til Den Høge, men han reiser dei ikkje opp.

8Korleis kan eg gje deg opp, ¬Efraim, la deg fara, Israel? Korleis gje deg opp som Adma, gjera med deg ¬som med Sebojim? Hjarta vender seg i meg, all min medynk vaknar.

9Eg vil ikkje fylgja ¬min brennande vreide, vil ikkje atter tyna Efraim. For eg er Gud ¬og ikkje eit menneske, heilag midt imellom dykk; eg vil ikkje koma med harme.

10Dei skal halda seg til Herren. Han skal brøla som ei løve. Og når han brøler, ¬skal sønene hans koma skjelvande frå vest.

11Skjelvande skal dei koma som ein fugl frå Egypt, som ei due frå Assur. Eg vil la dei bu i husa sine, lyder ordet frå Herren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hosea 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.