Hebrews 6NO1978NN

1Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud,

2eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen.

3På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.

4Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande,

5har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til,

6og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott.

7Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.

8Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.

9Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer.

10For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før.

11Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste.

12Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.

13Då Gud gav Abraham lovnaden, svor han ved seg sjølv; for han hadde ingen større å sverja ved.

14Han sa: «Sanneleg, eg vil velsigna deg rikt og gjera ætta di stor.»

15Og så fekk Abraham lovnaden oppfylt fordi han venta med tolmod.

16Menneske sver då ved ein som er større, og eiden er ei stadfesting som gjer ende på all motsegn.

17Fordi Gud ville gjera det heilt klårt for dei som skulle arva lovnaden, kor urikkande hans avgjerd var, gjekk han god for han med eid.

18Med to ting som ikkje kan endrast, lovnad og eid – og Gud kan ikkje lyga – skulle vi ha ei sterk trøyst, vi som har gripe den vona som ligg framfor oss og såleis søkt berging.

19Denne vona er eit trygt og fast anker for sjela. Det når innom forhenget i heilagdomen,

20dit Jesus gjekk inn og opna vegen for oss, han som til evig tid har vorte øvsteprest på Melkisedeks vis.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 6.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.