1Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.
2Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom
3og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.
4Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron.
5Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han: Du er son min, eg har født deg i dag.
6Og som han seier ein annan stad: Du skal vera prest til evig tid på Melkisedeks vis.
7Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud.
8Endå han var Son, lærte han lydnad av det han leid.
9Då han hadde nått fullendinga, vart han opphav til evig frelse for alle som lyder han;
10Gud hadde då kalla han øvsteprest på Melkisedeks vis.
11Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra.
12Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde.
13For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen.
14Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.