Hebrews 11NO1978NN

1Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.

2For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål.

3I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

4I tru bar Abel fram for Gud eit betre offer enn Kain. Av di han trudde, fekk han det vitnemålet at han var rettferdig; for Gud godkjende offergåvene hans. Og med si tru talar han enno, etter sin død.

5Fordi Enok trudde, vart han bortrykt utan å døy. Ingen såg han meir, for Gud hadde teke han til seg. Før han vart bortrykt, fekk han det vitnemålet at han var til hugnad for Gud.

6Utan tru er det umogeleg å vera til hugnad for Gud. For den som stig fram for Gud, må tru at han er til, og at han løner dei som søkjer han.

7I tru bygde den gudfryktige Noah ei ark då han vart varsla om det dei endå ikkje såg. Slik berga han huslyden sin. Trua hans vart ein dom over verda, og sjølv vart han arving til den rettferd som trua gjev.

8I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma.

9I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden.

10For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.

11I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.

12Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.

13I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda.

14Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland.

15Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende.

16Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.

17I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,

18og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.»

19Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.

20I tru velsigna Isak Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.

21I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Så bøygde han seg i bøn over knappen på staven sin.

22I tru tala Josef, då han låg på det siste, om at israelittane skulle gå ut or Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med beina hans.

23I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.

24I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao.

25Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda.

26Han heldt Kristi vanære for ein større rikdom enn skattane i Egypt. For han såg fram til løna som venta.

27I tru drog han bort frå Egypt utan å vera redd kongens vreide. Det var som om han såg den usynlege, og difor heldt han ut.

28I tru heldt han påske og strauk blodet på dørkarmane, så tyningsengelen ikkje skulle røra dei fyrstefødde av israelittane.

29I tru gjekk dei gjennom Raudehavet som over turt land; men då egyptarane freista på det same, drukna dei.

30På grunn av tru fall Jerikos murar då folket hadde gått ikring dei i sju dagar.

31Ved tru vart skjøkja Rahab berga, så ho ikkje miste livet saman med dei vantruande; for ho hadde teke vel imot speidarane.

32Og kva meir skal eg nemna? Tida strekk ikkje til om eg skal fortelja om Gideon, Barak, Samson og Jefta, om David, Samuel og profetane.

33Ved tru vann dei over kongerike, heldt oppe retten, fekk lovnader oppfylte, stoppa gapet på løver,

34sløkte veldig eld, slapp unna kvasse sverd, gjekk frå vesaldom til styrke, vart sterke i krig og slo fiendehærar på flukt.

35Kvinner fekk att sine døde; dei stod opp. Somme vart lagde på pinebenken og sa nei til frigjeving. Dei ville heller vera med i oppstoda til eit betre liv.

36Andre laut tola spott og piskeslag, ja, jamvel lekkjer og fengsel.

37Somme vart steina og pinte, gjennomsaga eller drepne med sverd. Andre laut fara ikring i saueskinn og geiteskinn; dei leid naud, var i trengsle og fekk hard medferd.

38Dei var for gode for denne verda. Dei flakka omkring i øydemarker og fjell og heldt til i holer og hellerar.

39Alle desse fekk godt vitnemål for si tru, men dei opplevde ikkje å få det som var lova.

40For Gud hadde for vår skuld noko betre i tankar; dei skulle ikkje nå fullendinga utan oss.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Hebrews 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.