1Då kasta Josef seg ned over andletet åt far sin, gret og kyste han.
2Og Josef bad dei lækjarane han hadde i si teneste, å balsamera faren; og lækjarane balsamerte Israel.
3Førti dagar gjekk med til det; for så lang tid tek det å balsamera eit lik. Og egyptarane gret over han i sytti dagar.
4Då syrgjetida var ute, sa Josef til hoff-folket åt farao: «Har de godvilje for meg, så tal mi sak hjå farao og sei:
5Far min tok ein eid av meg og sa: Når eg no døyr, må du leggja meg i den grava eg lét grava åt meg i Kanaan. Lat meg difor fara opp og gravleggja far min, og så koma hit att!»
6Farao sa: «Far berre opp og gravlegg far din, som du har lova han!»
7Så fór Josef av stad og skulle gravleggja far sin. Og saman med han fór alle mennene åt farao, både dei øvste i huset hans og alle stormennene i Egypt,
8heile huslyden åt Josef og brørne hans og husfolket åt faren. Berre dei små borna og småfeet og storfeet lét dei vera att i Gosen.
9Dei hadde med seg vogner og hestfolk i mengd, så det vart eit stort fylgje.
10Då dei kom til Goren-Ha’atad, på hi sida av Jordan, heldt dei ei stor og verdig syrgjehøgtid der. Josef heldt lik-klage over far sin i sju dagar.
11Då kanaanearane som budde i landet, såg korleis dei syrgde og klaga i Goren-Ha’atad, sa dei: «Det er ei verdig syrgjehøgtid egyptarane held her.» Difor kalla dei staden Abel-Misrajim. Han ligg på hi sida av Jordan.
12Sønene gjorde med Jakob som han hadde sagt dei føre.
13Dei førte han til Kanaan og gravla han i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det jordstykket som Abraham hadde kjøpt av hetitten Efron til eigande gravstad.
14Då Josef hadde gravlagt far sin, drog han attende til Egypt, både han og brørne hans og alle som hadde vore med han opp og gravlagt far hans.
15Då brørne åt Josef såg at far deira var borte, sa dei: «Berre Josef ikkje legg oss for hat og lèt oss bøta for alt det vonde vi har gjort mot han!»
16Så sende dei bod til Josef og sa: «Far din bad oss før han døydde,
17at vi skulle bera fram dette bodet til deg: Kjære, tilgjev brørne dine det brotet og den synda dei gjorde, då dei fór så stygt med deg! Så tilgjev oss no brotet vårt! Vi tener då same Gud som far din.» Josef gret då dei tala såleis til han.
18Sidan kom brørne sjølve og kasta seg ned for han. «Her kjem vi og vil vera tenarane dine,» sa dei.
19Då sa Josef til dei: «Ver ikkje redde! Er eg i Guds stad?
20De tenkte å gjera meg vondt, men Gud tenkte det til det gode. For han ville gjera det som no har hendt, og berga mange menneske.
21Ver ikkje redde! Eg skal syta for dykk og borna dykkar.» Såleis trøysta han dei og tala blidt til dei.
22Josef vart buande i Egypt, både han og farsætta hans. Han vart 110 år gamal.
23Josef fekk sjå borna hans Efraim i tredje leden. Og borna åt Makir, son til Manasse, vart fødde på knea hans.
24Josef sa ti brørne sine: «No skal eg døy. Men Gud vil ta seg av dykk og føra dykk ut or dette landet til det landet han lova Abraham, Isak og Jacob.»
25Så tok Josef ein eid av Israels-sønene og sa: «Når Gud tek seg av dykk, då skal de føra beina mine med herifrå.»
26Og Josef døydde 110 år gamal. Dei balsamerte han og la han i kiste i Egypt.