Exodus 1NO1978NN

1Dette er namna på Israels-sønene som kom til Egypt saman med Jakob, kvar med sin huslyd:

2Ruben, Simeon, Levi, Juda,

3Jissakar, Sebulon, Benjamin,

4Dan, Naftali, Gad og Asjer.

5Dei som ættast frå Jakob, var sytti i talet. Josef var alt i Egypt.

6Så døydde Josef og alle brørne hans og heile den ættleden.

7Men Israels-folket voks og auka; det vart så stort og talrikt at det fylte heile landet.

8Då kom det ein ny konge i Egypt, som ikkje visste noko om Josef.

9Han sa til folket sitt: «Sjå, Israels-folket er større og sterkare enn vi.

10Lat oss fara klokt fram, så dei ikkje skal auka endå meir! For kjem det krig, slår dei seg kanskje saman med fiendane våre, strider mot oss og fer frå landet!»

11Så sette egyptarane futar over israelittane. Dei skulle plaga dei med tvangsarbeid. Israelittane laut byggja to byar med lagerhus for farao; det var Pitom og Ramses.

12Men di meir egyptarane plaga dei, di meir auka dei, og di meir breidde dei seg ut, så egyptarane vart redde dei.

13Dei nøydde israelittane til å træla for seg

14og gjorde livet surt for dei med hardt arbeid i leirtaka og teglverka og med allslags jordarbeid. Alt dette trælearbeidet tvinga dei israelittane til å gjera.

15Kongen i Egypt sa til jordmødrene åt hebrearkvinnene – den eine heitte Sjifra og den andre Pua:

16«Når de hjelper ei hebrearkone til å føda, skal de sjå etter i fødestolen. Er det då ein gut, skal de drepa han; er det ei jente, kan ho få leva.»

17Men jordmødrene hadde age for Gud og gjorde ikkje som egyptarkongen sa; dei lét gutane leva.

18Då kalla kongen jordmødrene til seg og sa til dei: «Kvifor gjer de dette og lèt gutane leva?»

19Jordmødrene svara farao: «Dei hebraiske kvinnene er ikkje som dei egyptiske, dei er sterkare; før jordmora kjem, har dei fått barnet.»

20Då gjorde Gud vel imot jordmødrene. Folket auka og vart svært talrikt.

21Og fordi jordmødrene hadde age for Gud, gav han dei etterkomarar.

22Då gav farao heile folket sitt dette påbodet: «Kvar son som vert fødd hjå hebrearane, skal de kasta i Nilen; men døtrene skal de la leva!»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.