Genesis 23NO1978NN

1Sara vart 127 år gamal; det var levetida hennar.

2Sara døydde i Kirjat-Arba, det er Hebron, i Kanaan. Og Abraham gjekk inn og syrgde og gret over Sara.

3Sidan reiste han seg, gjekk bort frå den døde kona si og sa til hetittane:

4«Eg er ein innflyttar og framand mellom dykk. Lat meg få ein gravstad til eige hjå dykk, så eg kan bera ut den døde kona mi og gravleggja henne.»

5Hetittane svara Abraham:

6«Høyr her, herre! Du er ein Guds hovding mellom oss. I den beste av gravene våre kan du jorda kona di. Ingen av oss skal nekta deg ei grav til å leggja henne i.»

7Då reiste Abraham seg, bøygde seg for hetittane som budde i landet,

8og sa til dei: «Samtykkjer de i at eg ber ut den døde kona mi og gravlegg henne, så høyr på meg! Legg inn eit godt ord for meg hjå Efron, son til Sohar,

9så han lèt meg få Makpela-hola, som høyrer han til og ligg i utkanten av jordet hans. Han skal få full betaling om han her midt imellom dykk gjev meg hola til eigande gravstad.»

10No sat Efron der mellom hetittane; og han svara Abraham så dei høyrde det, alle hetittane som var komne til byporten:

11«Nei, høyr her, herre! Eg gjev deg jordstykket og hola som er der. For augo på landsmennene mine lèt eg deg få henne. Gravlegg den døde kona di!»

12Då bøygde Abraham seg for folket i landet

13og sa til Efron, så landsmennene hans høyrde det: «Gjev du ville høyra på meg! Eg betaler deg det som jordet er verdt. Ta imot pengane av meg! Så vil eg gravleggja kona mi der.»

14Efron svara Abraham:

15«Høyr her, herre! Eit jordstykke som er verdt 400 sekel sølv, kva er det mellom deg og meg? Gravlegg kona di, du!»

16Abraham skjøna kva Efron meinte, og vog opp til han det sølvet han hadde nemnt medan hetittane høyrde på, 400 sekel, av det slaget dei brukar i handel.

17Så vart Efrons jorde, som ligg attmed Makpela, austanfor Mamre, skøytt til Abraham. Han fekk både jordet og hola, og alle trea som voks på jordet, så langt det rakk til alle kantar.

18Det var dei vitne til, alle hetittane som var komne til porten i byen der Efron budde.

19Og Abraham gravla Sara, kona si, i hola på Makpela-jordet, austanfor Mamre, det er Hebron, i Kanaan.

20Såleis gjekk jordstykket og hola der over frå hetittane til Abraham, så han fekk det til eigande gravstad.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Genesis 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.