Bible

Transform

Your Worship Experience with Great Ease

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Genesis 22

:
Norwegian - NO1978NN
1 Ei tid etter at dette hadde hendt, ville Gud setja Abraham prøve. Han sa til han: «Abraham!» Og Abraham svara: «Ja, her er eg.»
2 sa han: «Ta Isak, einaste son din, som du held av, og far til Moria-landet! Der skal du ofra han som brennoffer eit av fjella som eg vil syna deg!»
3 Morgonen etter stod Abraham tidleg opp, kløvja eselet sitt og tok med seg to av tenestgutane sine og Isak, son sin. Han kløyvde ved til brennofferet, og gav han seg i veg til den staden Gud hadde sagt.
4 Tredje dagen, Abraham såg seg ikring, fekk han auga staden langt borte.
5 sa Abraham til tenestgutane sine: «Ver de her med eselet! Eg og guten vil dit bort og tilbe; og kjem vi hit til dykk att.»
6 tok Abraham offerveden og la Isak, son sin. Sjølv tok han elden og kniven i handa; og gjekk dei saman, dei to.
7 sa Isak til Abraham, far sin: «Du far!» Og han svara: «Ja, guten min.» Isak sa: «Sjå, her er elden og veden, men kvar er lammet som vi skal ofra?»
8 Abraham svara: «Gud vil nok sjølv sjå seg ut eit offerlam, guten min.» Og gjekk dei frametter, dei to.
9 dei kom til den staden Gud hadde sagt, bygde Abraham eit altar og la veden til rettes. batt han Isak, son sin, og la han altaret, oppå veden.
10 Og Abraham rette ut handa og tok kniven og ville ofra son sin.
11 ropa Herrens engel til han frå himmelen og sa: «Abraham, Abraham!» Og han svara: «Ja, her er eg.»
12 sa engelen: «Legg ikkje hand guten og gjer han ikkje noko! For no veit eg at du har age for Gud, sidan du ikkje eingong sparte einaste son din for meg.»
13 Abraham såg opp, fekk han auga ein ver, som hang fast etter horna i kjerret bak han. gjekk han bort og tok veren og ofra han som brennoffer i staden for son sin.
14 Og Abraham kalla den staden «Herren ser». Og den dag i dag seier dei: «På fjellet der Herren lèt seg sjå.»
15 Endå ein gong ropa Herrens engel til Abraham frå himmelen
16 og sa: «Eg sver ved meg sjølv, lyder ordet frå Herren: Fordi du gjorde dette og ikkje sparte einaste son din,
17 skal eg storleg velsigna deg og gjera ætta di tallaus som stjernene himmelen og som sanden havsens strand. Etterkomarane dine skal ta byane frå sine fiendar,
18 og i di ætt skal alle folk jorda velsignast, fordi du lydde mitt ord.»
19 gjekk Abraham attende til tenestgutane sine. Dei tok heimvegen og fylgdest til Be’er-Sjeba. Og Abraham vart buande der.
20 Ei tid etter at dette hadde hendt, kom det ein og sa til Abraham: Milka og Nakor, bror din, har òg fått søner:
21 Us, som er eldst, Bus, bror hans, Kemuel, far til Aram,
22 Kesed, Haso, Pildasj, Jidlaf og Betuel.
23 Betuel var far til Rebekka. Desse åtte sønene fekk Nakor, bror til Abraham, med Milka.
24 Fylgjekona hans, som heitte Re’uma, fekk òg born: Tebah, Gaham, Tahasj og Ma’aka.