Exodus 4NO1978NN

1Moses svara: «Dei vil vel ikkje tru meg og ikkje høyra på meg, men seia at Herren ikkje har synt seg for meg.»

2Då spurde Herren: «Kva er det du har i handa?» «Ein stav,» svara han.

3«Kast han på jorda!» sa Herren. Så kasta Moses staven på jorda. Då vart han til ein orm, og Moses rømde for ormen.

4Men Herren sa: «Rett ut handa og grip han i sporden!» Så rette han ut handa og treiv ormen. Då vart han til ein stav i handa hans.

5«No må dei vel tru at Herren, deira fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har synt seg for deg.»

6Og Herren heldt fram: «Stikk handa inn på brystet!» Så stakk han handa inn på brystet, og då han drog henne ut att, var ho teken av hudsjukdom og såg ut som snø.

7Då sa Herren: «Stikk handa inn på brystet endå ein gong!» Moses stakk handa inn på brystet att, og då han drog henne ut, var ho like frisk og god som før.

8Då sa Herren: «Om dei ikkje trur deg og ikkje bryr seg om det fyrste teiknet, så vil dei visseleg tru på det andre.

9Men trur dei ikkje på noko av desse to teikna, og høyrer dei ikkje på deg, så skal du henta vatn i Nilen og slå det ut over turre marka. Og vatnet som du tek frå Nilen, skal verta til blod på marka.»

10Men Moses sa til Herren: «Høyr meg, Herre! Eg har aldri vore nokon veltalande mann, korkje før eller no etter at du tok til å tala med tenaren din; eg er både tungmælt og seinmælt.»

11Då sa Herren: «Kven er det som har gjeve mennesket munn? Kven er det som gjer mållaus eller døv, sjåande eller blind? Er det ikkje eg, Herren?

12Gå no, så skal eg vera med deg når du talar, og læra deg kva du skal seia!»

13Men han sa: «Å Herre, send ein annan, send kven du vil!»

14Då vart Herren harm på Moses og sa: «Har du ikkje Aron, bror din, levitten? Eg veit at han kan tala. No kjem han og møter deg, og når han ser deg, vert han hjarteglad.

15Han skal du tala til og leggja orda i munnen på. Så skal eg vera med både deg og han når de talar, og læra dykk kva de skal gjera.

16Han skal tala til folket for deg. Såleis skal han vera munn for deg, og du skal vera som Gud for han.

17Ta denne staven i handa; den skal du gjera teikna med!»

18Så gjekk Moses heim att til Jetro, verfar sin, og sa: «No vil eg fara attende til frendane mine i Egypt og sjå om dei enno lever.» Jetro svara: «Far i fred!»

19Medan Moses var i Midjan, sa Herren til han: «Ta ut og far attende til Egypt! For no er dei borte alle dei som leita etter deg og ville drepa deg.»

20Så tok Moses kona si og sønene sine og sette dei på eit esel og fór attende til Egypt. Gudsstaven hadde han i handa.

21Og Herren sa til Moses: «Når du kjem attende til Egypt, sjå då til at du gjer alle dei undera eg har gjeve deg makt til, så farao ser på! Men eg vil gjera han hard i hugen, så han ikkje lèt folket fara.

22Då skal du seia til farao: Så seier Herren: Israel er son min, den eldste av sønene mine.

23Eg seier til deg: Lat son min fara, så han kan tena meg! Men nektar du han å fara, vil eg slå i hel den eldste sonen din.»

24Medan Moses var på vegen og stogga natta over ein stad, kom Herren imot han og ville drepa han.

25Då tok Sippora ein kvass stein og skar av førehuda på son sin. Ho kom nær Moses mellom føtene og sa: «Du er meg ein blodbrudgom.»

26Så lét Herren han vera. Det var omskjeringa ho tenkte på då ho sa blodbrudgom.

27Herren sa til Aron: «Gå og møt Moses i øydemarka!» Då gjekk han og møtte Moses attmed Guds-fjellet og kyste han.

28Og Moses kunngjorde for Aron alle dei ord som Herren hadde sendt han med, og alle dei teikn han hadde sett han til å gjera.

29Så gjekk Moses og Aron og samla alle dei eldste av israelittane.

30Aron bar fram alle dei orda som Herren hadde tala til Moses, og han gjorde teikna, medan folket såg på.

31Og folket trudde. Då dei høyrde at Herren hadde teke seg av israelittane og sett kva vande dei var i, bøygde dei seg til jorda og tilbad.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.