Exodus 3NO1978NN

1Moses gjætte no småfeet åt Jetro, verfar sin, presten i Midjan. Så hende det ein gong då han dreiv feet over på den andre sida av øydemarka, at han kom til Horeb, Guds-fjellet.

2Der synte Herrens engel seg for han i ein logande eld, som slo opp or ein klungerrunne. Han såg at runnen stod i ljos loge, men klungeren brann ikkje opp.

3Då tenkte Moses med seg: «Eg vil bort og sjå dette underfulle synet, at klungeren ikkje brenn opp.»

4Men då Herren såg at han kom bortåt og ville sjå, ropa han ut or klungerrunnen: «Moses, Moses!» Og han svara: «Ja, her er eg.»

5Då sa Gud: «Kom ikkje nærare! Ta av deg skorne! For staden du står på, er heilag jord.»

6Herren sa: «Eg er Gud åt far din, Abrahams Gud og Isaks Gud og Jakobs Gud.» Då løynde Moses andletet; for han våga ikkje å sjå på Gud.

7Så sa Herren: «Eg har sett kor vondt folket mitt har det i Egypt, og høyrt korleis dei klagar over futane. Eg veit kva dei må lida.

8Og eg har stige ned og vil fria dei frå egyptarane og føra dei opp frå dette landet til eit godt og vidt land, eit land som fløymer med mjølk og honning. Der bur kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane.

9For no har naudropet frå israelittane nått opp til meg, og eg har sett korleis egyptarane plagar dei.

10Gå no du til farao med bod frå meg, og før folket mitt, israelittane, ut or Egypt!»

11Men Moses sa til Gud: «Kven er vel eg? Kan eg gå til farao og føra israelittane ut or Egypt?»

12«Ja,» svara han, «for eg vil vera med deg! Og du skal få eit teikn på at det er eg som har sendt deg. Når du har ført folket ut or Egypt, skal de halda gudsteneste på dette fjellet.»

13Då sa Moses til Gud: «Men når eg no kjem til israelittane og seier at deira fedrars Gud har sendt meg, og dei spør etter namnet hans, kva skal eg då svara?»

14Då sa Gud til Moses: «Eg er den eg er. Såleis skal du svara israelittane. ‘Eg Er‘ har sendt meg til dykk.»

15Så sa Gud til Moses: «Du skal seia til israelittane: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams Gud, Isaks Gud og Jakobs Gud, har sendt meg til dykk. Det skal vera namnet mitt til evig tid, og så skal dei kalla meg frå ætt til ætt.

16Gå no og kall saman dei eldste i Israel og sei til dei: Herren, dykkar fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud, har synt seg for meg og sagt: Eg har halde auga med dykk og sett korleis dei fer åt med dykk i Egypt.

17Difor vil eg fria dykk ut or Egypt, der de lid vondt, og føra dykk opp til landet åt kanaanearane og hetittane, amorittane og perisittane, hevittane og jebusittane, eit land som fløymer med mjølk og honning.

18Dei kjem til å høyra på det du seier. Og så skal de, du og dei eldste i Israel, gå fram for kongen i Egypt og seia: Herren, Hebrearguden, har møtt oss. Lat oss få lov til å fara tre dagsleier ut i øydemarka og ofra til Herren vår Gud!

19Men eg veit at egyptarkongen ikkje gjev dykk lov til å fara utan at han får kjenna ei sterk hand over seg.

20Så vil eg lyfta handa og slå egyptarane med alle dei under som eg vil gjera mellom dei. Då skal han la dykk fara.

21Og eg vil laga det så at egyptarane får godvilje for dette folket, så de ikkje skal fara tomhendte bort.

22Kvar kone skal be grannekona si eller den ho bur i lag med, om sølv og gull og klede, og det skal de la sønene og døtrene dykkar ha på seg. Det skal vera hærfanget de tek av egyptarane.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.