Exodus 38NO1978NN

1Brennofferaltaret laga han av akasietre. Det var fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt.

2På kvart av dei fire hjørna laga han eit horn, og horna gjekk i eitt med altaret. Han kledde det med bronse.

3Så laga han alle dei reiskapane som høyrde altaret til, fata, eldskuflene, offerskålene, kjøtgaflane og glopannene. Alle desse reiskapane laga han av bronse.

4Han laga òg eit fletta gitter av bronse til altaret og sette det nedst, under altarlista, så det nådde midt opp på altaret.

5Og han støypte fire ringar til dei fire hjørna av bronsegitteret til å smøya stenger inn i.

6Stengene laga han av akasietre og kledde dei med bronse.

7Han smøygde dei inn i ringane på sidene av altaret, så det kunne berast. Altaret laga han av bord, og det var holt.

8Han laga vaskekaret og fotstykket av bronse. Til det bruka han speglane åt dei kvinnene som gjorde teneste innmed møteteltdøra.

9Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.

10Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

11På nordsida laga han òg omheng, i ei lengd av hundre alner. Til dei var det tjue stolpar med fotstykke av bronse og hakar og stenger av sølv.

12På vestsida laga han omheng på femti alner. Til dei var det ti stolpar med fotstykke. Hakane på stolpane og stengene var av sølv.

13Framsida som vender mot aust, var femti alner.

14Der laga han femten alner omheng på den eine kanten, med tre stolpar og tre fotstykke,

15og på den andre kanten femten alner, med tre stolpar og tre fotstykke. Det var likt på begge sider av porten inn til føregarden.

16Alle omhenga kring føregarden var av fint, tvinna lingarn.

17Fotstykka til stolpane var av bronse, hakane og stengene til dei var av sølv, og stolpehovuda var kledde med sølv. Alle stolpane i føregarden var bundne i hop med sølvstenger.

18Teppet til føregardsporten var av fiolett, purpurraud og karmosinraud ull og fint, tvinna lingarn, vove i mange leter. Det var tjue alner langt og fem alner høgt etter breidda på veven, liksom omhenga kring føregarden.

19Til forhenget var det fire stolpar med fotstykke av bronse. Hakane var av sølv. Stolpehovuda var kledde med sølv, og stengene som høyrde til, var av sølv.

20Alle pluggane til teltet og føregarden, heilt rundt, var av bronse.

21Her er rekneskapen for heilagdomen, bustaden åt lova. Moses baud levittane setja han opp, og Itamar, son til Aron, presten, hadde tilsyn med arbeidet.

22Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses,

23og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.

24Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

25Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt,

26ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann.

27Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke.

28Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop.

29Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel.

30Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret,

31fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 38.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.