1Besalel laga paktkista av akasietre. Ho var to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.
2Han kledde henne med reint gull både innvendes og utvendes og sette ein gullkant ikring henne.
3Han støypte fire gullringar til dei fire føtene på kista, to på kvar side.
4Så laga han stenger av akasietre, kledde dei med gull
5og smøygde dei inn i ringane på sidene av kista, så ho kunne berast.
6Han laga til soningsstaden, som var av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei.
7På endane av soningsstaden sette han to kjerubar som han hadde laga av hamra gull,
8ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Han laga dei så at dei gjekk i eitt med endane på soningsstaden.
9Kjerubane heldt vengene utbreidde og lyfte, så dei tekte over og verna soningsstaden med vengene sine. Dei var vende mot kvarandre, med andletet mot soningsstaden.
10Bordet laga han av akasietre. Det var to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.
11Han kledde det med reint gull og sette på det ein gullkant som gjekk heilt rundt.
12Til bordet laga han ei list. Ho var brei som ei hand og gjekk heilt ikring. Rundt lista laga han ein gullkant.
13Han støypte fire gullringar til bordet og feste dei i dei fire hjørna på dei fire føtene.
14Tett attmed lista sat ringane. Dei var til å smøya berestenger inn i.
15Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull. Med dei skulle bordet berast.
16Av reint gull laga han dei kara som skulle stå på bordet, fata og skålene, og dei bollane og kannene som skulle brukast til drikkofferet.
17Ljosestaken laga han av reint gull. Hamra arbeid var det, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane gjekk i eitt med han.
18Seks armar gjekk ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
19På den eine armen var det tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera var på skap som ein mandelblom. Såleis var det på alle dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
20På sjølve staken var det fire beger med knuppar og blomar. Dei var på skap som ein mandelblom.
21Det var ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane gjekk i eitt med staken. Det var ein knupp under kvart par av dei seks armane som gjekk ut frå ljosestaken.
22Knuppane og armane gjekk i eitt med staken. Heile ljosestaken var eitt einaste stykke hamra arbeid og av reint gull.
23Han laga dei sju lampene til ljosestaken og ljosesaksene og pannene av reint gull.
24Ein talent reint gull bruka han til ljosestaken og alle dei reiskapane som høyrde til.
25Røykjelsesaltaret laga han av akasietre. Det var ei alen langt, ei alen breitt, firkanta og to alner høgt. Horna på altaret gjekk i eitt med det.
26Han kledde det med reint gull både ovanpå og på sidene og på horna, og laga ein gullkant på det heilt ikring.
27På begge sidene sette han to gullringar nedanfor kanten, to på kvar side. Dei skulle vera til å smøya stenger inn i, så altaret kunne berast.
28Stengene laga han av akasietre og kledde dei med gull.
29Og han laga den heilage salvingsoljen og den reine, velluktande røykjelsen, så som salveblandarane gjer det.