1Herren tala til Moses og sa:
2Sei til israelittane at dei skal koma med gåver til meg! Av kvar den som kjenner trong til det, skal de ta imot ei gåve til meg.
3Dette er gåvene som de skal ta imot av dei: gull, sølv og bronse,
4fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lingarn og geiteragg,
5raudleta verskinn, delfinskinn og akasietre,
6olje til ljosestaken, balsam til salvingsoljen og til den velluktande røykjelsen,
7karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken.
8Og lat dei reisa ein heilagdom åt meg, så skal eg bu midt imellom dei.
9Denne bustaden og alt det som høyrer til i han, skal de i alle måtar laga etter det førebiletet eg vil syna deg.
10Du skal laga ei kiste av akasietre, to og ei halv alen lang, halvanna alen brei og halvanna alen høg.
11Kled henne med reint gull både innvendes og utvendes, og set ein gullkant ikring henne!
12Støyp fire gullringar og fest dei i dei fire føtene på kista, to på kvar side!
13Lag så stenger av akasietre, kled dei med gull,
14og smøy dei inn i ringane på sidene av kista! Desse stengene skal de bera henne med.
15Dei skal støtt vera i ringane på kista; dei må aldri takast or.
16I kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.
17Så skal du laga til ein soningsstad; han skal vera av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei.
18På endane av soningsstaden skal du setja to kjerubar som du har laga av hamra gull,
19ein kjerub på den eine sida og ein på den andre. Du skal laga dei så at dei går i eitt med endane på soningsstaden.
20Kjerubane skal halda vengene utbreidde og lyfte, så dei tekkjer over og vernar soningsstaden med vengene sine. Dei skal vera vende mot kvarandre, med andletet ned mot soningsstaden.
21Så skal du setja soningsstaden opp på kista, og i kista skal du leggja lova som eg vil gje deg.
22Der vil eg møtast med deg. Alt det eg byd deg å tala til israelittane, vil eg seia deg frå soningsstaden mellom dei to kjerubane som er over lovkista.
23Du skal laga eit bord av akasietre. Det skal vera to alner langt, ei alen breitt og halvanna alen høgt.
24Kled det med reint gull og set ein gullkant på det som går heilt ikring.
25Så skal du laga ei list på bordet. Ho skal vera brei som ei hand og gå heilt ikring. Rundt lista skal du laga ein gullkant.
26Lag så fire gullringar og set dei i dei fire hjørna på dei fire føtene!
27Tett attmed lista skal ringane sitja. Dei skal vera til å smøya berestenger inn i.
28Stengene skal du laga av akasietre og kle dei med gull. Med dei skal bordet berast.
29Sidan skal du laga dei fata og skålene som høyrer bordet til, og kannene og bollane til drikkofferet. Av reint gull skal du laga dei.
30På bordet skal du støtt leggja fram skodebrød for mitt åsyn.
31Så skal du laga ein ljosestake av reint gull. Han skal vera hamra arbeid, både foten og sjølve staken. Skålene på staken og knuppane og blomane skal gå i eitt med han.
32Seks armar skal gå ut frå ljosestaken, tre på den eine sida og tre på den andre.
33På den eine armen skal det vera tre beger med knuppar og blomar og på den andre tre beger med knuppar og blomar. Begera skal vera på skap som ein mandelblom. Såleis skal det vera på alle dei seks armane som går ut frå ljosestaken.
34På sjølve staken skal det vera fire beger med knuppar og blomar. Dei skal vera på skap som ein mandelblom.
35Det skal vera ein knupp under det fyrste armparet, ein under det andre og ein under det tredje. Knuppane skal gå i eitt med staken. Det skal vera ein knupp under kvart par av dei seks armane som går ut frå ljosestaken.
36Knuppane og armane skal gå i eitt med staken. Heile ljosestaken skal vera eitt einaste stykke hamra arbeid av reint gull.
37Du skal laga sju lamper til ljosestaken. Dei skal du setja såleis opp at dei kastar ljoset beint fram for staken.
38Ljosesaksene og pannene som høyrer til, skal vera av reint gull.
39Ein talent reint gull skal du bruka til ljosestaken og alle desse reiskapane.
40Sjå til at du gjer arbeidet etter det førebiletet som vart synt deg på fjellet!