Exodus 24NO1978NN

1Gud sa til Moses: «Stig opp til Herren, du og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel! Og bøy dykk til jorda og tilbed, medan de enno er langt borte!

2Berre Moses skal gå fram til Herren. Dei andre må ikkje gå fram, og folket får ikkje stiga opp saman med han.»

3Då Moses kom og bar fram for folket alle Herrens bod og alle lovene, svara dei samrøystes: «Alle dei bod Herren har gjeve oss, vil vi halda.»

4Så skreiv Moses opp alle dei orda Herren hadde tala. Morgonen etter stod han tidleg opp og bygde eit altar tett attmed fjellet og reiste tolv minnesteinar for dei tolv Israels-ættene.

5Sidan sende han ut nokre unge israelittar. Dei bar fram brennoffer og slakta oksar til måltidsoffer for Herren.

6Moses tok halvparten av blodet og hadde det i skålene; den andre halvparten skvette han på altaret.

7Så tok han paktboka og las opp for folket, og dei sa: «Vi vil vera lydige og gjera alt det Herren har sagt.»

8Då tok Moses blodet, skvette det på folket og sa: «Sjå, dette er blodet til den pakta som Herren gjer med dykk, og som er grunna på alle desse orda.»

9Så gjekk dei opp på fjellet, Moses og Aron, Nadab og Abihu og sytti av dei eldste i Israel.

10Og dei såg Israels Gud. Under føtene hans var det som eit golv av safirheller, klåre som himmelen sjølv.

11Men han lyfte ikkje handa mot Israels gjævaste menn. Dei skoda Gud, og dei åt og drakk.

12Sidan sa Herren til Moses: «Kom opp på fjellet til meg og ver her ei stund, så skal eg gje deg steintavlene med lova og boda, som eg har skrive opp til rettleiing for folket!»

13Då gjekk Moses i veg med Josva, tenaren sin. Og Moses steig opp på Guds-fjellet.

14Han sa til dei eldste: «Ver her og venta på oss til vi kjem att! Her er Aron og Hur; dei skal vera hjå dykk. Er det nokon som har ei sak, kan han gå til dei.»

15Så steig Moses opp på fjellet. Då la skya seg tett ikring nuten,

16og Herrens herlegdom kom ned og heldt seg på Sinai-fjellet. Skya gøymde fjellet i seks dagar. Den sjuande dagen ropa Herren på Moses ut or skya.

17Herrens herlegdom var å sjå til for israelittane som ein øydande eld på fjelltoppen.

18Så gjekk Moses inn i skya og steig opp på fjellet, og han var på fjellet i førti dagar og førti netter.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Exodus 24.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.