Ecclesiastes 4NO1978NN

1Atter såg eg ¬på alle dei valdsverk som vert gjorde under sola. Eg såg tårene renna ¬på dei som vart trælka, og ingen trøysta dei. Valdsmennene bruka makt, og ingen trøysta.

2Då prisa eg dei døde sæle, dei som var borte ¬for lenge sidan. Dei er betre farne ¬enn dei levande, enn dei som enno er i live.

3Men sælare enn begge er dei som aldri har levt ¬og sett dei vonde verk som vert gjorde under sola.

4Eg såg at alt strev ¬og all dugleik kjem av at den eine ¬misunner den andre. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

5Dåren legg hendene i fanget og tærer på sitt eige hold.

6Det er betre å ha litt i neven og få leva i ro enn å ha begge hendene fulle og streva og jaga etter vind.

7Og endå meir fåfengd vart eg var under sola.

8Ein mann ¬står stundom heilt åleine, utan son eller bror, og likevel er det ingen ende på alt hans strev; han ser seg ikkje mett ¬på rikdom. «Kven er det eg strevar for så eg nektar meg sjølv ¬alt godt?» Det òg er fåfengd ¬og vondt slit.

9Det er betre å vera to ¬enn ein, dei får god løn for sitt strev.

10For om dei dett, kan den eine reisa opp den andre. Men stakkars den som er ¬åleine! Når han dett, har han ingen til å reisa seg opp.

11Når to ligg saman, ¬vert dei varme, men korleis kan den einslege ¬verta varm?

12Om nokon vinn over ¬den som er åleine, vil to kunna stå seg mot han. Ein tretvinna tråd ¬slitnar ikkje så snart.

13Ein ungdom som er fattig, ¬men klok, er betre faren enn ein konge som er gamal og dum og ikkje har vit ¬til å ta imot råd.

14Ein som kom ut or fengslet, vart teken til konge, endå han vart fødd i fattigdom medan ein annan styrte.

15Eg såg korleis alle menneske som ferdast ikring under sola, gav seg i lag ¬med den unge mannen som skulle koma ¬i kongens stad.

16Det var ingen ende ¬på alt det folket som han vart førar for. Men dei som kjem etter, bryr seg ikkje lenger om han. Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

17Akta foten din ¬når du går til Guds hus! Det er betre ¬at du kjem dit og høyrer enn at dårar ber fram offer; for uvitande er dei ¬og gjer det vonde.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Ecclesiastes 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.