Deuteronomy 9NO1978NN

1Høyr, Israel! I dag skal du gå over Jordan, koma inn i landet og driva bort folkeslag som er større og sterkare enn du, og som har store byar med himmelhøge festningsmurar.

2Der er anakittane, som du kjenner, eit stort og høgvakse folk. Om dei har du høyrt det ordet: «Kven kan stå seg mot anakittane?»

3Men i dag skal du vita at Herren din Gud, som går føre deg som ein øydande eld, han skal rydja dei ut. Han skal kua dei for deg, så du på kort tid kan driva dei bort og gjera ende på dei, som Herren har sagt deg.

4Når Herren din Gud driv dei ut for deg, må du ikkje tenkja som så: «Det er på grunn av mi eiga rettferd at Herren har late meg koma inn i dette landet og leggja det under meg.» Nei, Herren driv desse folkeslaga ut fordi dei er så gudlause.

5Det er ikkje fordi du er rettferdig og ærleg at du kjem inn i landet deira. Men Herren din Gud driv desse folkeslaga ut for deg fordi dei er gudlause, og fordi Herren vil halda den lovnaden han med eid gav fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob.

6Så skal du då vita at det ikkje er på grunn av di rettferd Herren din Gud lèt deg vinna dette gode landet. For du er eit stridlyndt folk.

7Kom i hug og gløym ikkje korleis du gjorde Herren din Gud harm i øydemarka. Heilt frå den dagen de gjekk ut or Egypt, og til de kom hit, har de sett dykk opp mot Herren.

8Alt ved Horeb harma de Herren. Han vart så vreid at han ville gjera ende på dykk.

9Det var den gongen eg gjekk opp på fjellet og skulle ta imot steintavlene, tavlene som tilhøyrer den pakta Herren hadde gjort med dykk. Eg var på fjellet i førti dagar og førti netter og smaka korkje mat eller drikke.

10Herren gav meg dei to steintavlene. Dei hadde Gud sjølv skrive på med fingeren sin, og der stod alle dei orda som Herren hadde tala til dykk ut or elden, på fjellet, den dagen de var samla.

11Då dei førti dagane og nettene var lidne, gav Herren meg dei to steintavlene, pakttavlene.

12Og Herren sa til meg: «Stå opp og skunda deg ned herifrå! Folket ditt, som du førte ut or Egypt, har bore seg ille åt. Dei har vore snare til å vika av frå den vegen eg baud dei å gå. Dei har støypt seg eit gudebilete.

13Eg har sett kor stridlyndt det er, dette folket,» sa Herren.

14«Lat meg vera i fred, så vil eg gjera ende på dei og stryka ut namnet deira under himmelen. Og eg vil gjera deg til eit folk som er større og sterkare enn dei.»

15Så snudde eg meg og gjekk ned av fjellet, som stod i ljos loge, og dei to pakttavlene hadde eg i hendene.

16Då fekk eg sjå at de hadde synda mot Herren dykkar Gud og laga dykk ein støypt kalv. De hadde vore snare til å vika av frå den vegen Herren hadde sagt de skulle gå.

17Og eg tok dei to tavlene som eg hadde i hendene, kasta dei frå meg og slo dei sund, medan de stod og såg på.

18Så bøygde eg meg til jorda for Herren, liksom førre gongen. Og i førti dagar og førti netter smaka eg korkje mat eller drikke, fordi de hadde synda så grovt og gjort det som vondt var i Herrens augo, og såleis eggja han til harme.

19Eg ottast at Herren hadde vorte så brennande harm og vreid på dykk at han ville rydja dykk ut. Men Herren høyrde bøna mi den gongen òg.

20Jamvel Aron var Herren så harm på at han ville tyna han. Difor bad eg for Aron òg den gongen.

21Men kalven, det syndige biletet de hadde laga, tok eg og kasta på elden. Eg knasa han og mol han til fint støv. Og støvet kasta eg i bekken som renn ned frå fjellet.

22I Tabera, Massa og Kibrot-Hatta’ava eggja de òg Herren til harme.

23Og då han sende dykk ut frå Kadesj-Barnea og sa at de skulle fara opp og ta det landet som han hadde gjeve dykk, trassa de påbodet frå Herren dykkar Gud. De trudde ikkje på han og høyrde ikkje på det han sa.

24Så lenge eg har kjent dykk, har de vore trassige mot Herren.

25Så låg eg på kne for Herrens åsyn i førti dagar og førti netter; for han hadde sagt at han ville rydja dykk ut.

26Og eg bad til Herren: Herre min Gud, gjer ikkje ende på folket ditt, ditt eige folk som du i ditt velde løyste ut og førte ut or Egypt med sterk hand.

27Kom i hug tenarane dine, Abraham, Isak og Jakob, og sjå ikkje på kor stridlyndt, gudlaust og syndig det er, dette folket!

28Elles kunne dei seia i det landet du førte oss ut or: «Herren makta ikkje å føra dei inn i det landet han hadde lova dei, og han hata dei. Difor førte han dei ut i øydemarka og lét dei døy der.»

29Dei er då ditt eige folk, som du har ført ut med di store kraft og din sterke arm.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 9.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.