Bible

Upgrade

Your Church Presentations in Minutes

Try RisenMedia.io Today!

Click Here

Deuteronomy 10

:
Norwegian - NO1978NN
1 Den gongen sa Herren til meg: «Hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og kom opp fjellet til meg! Lag deg dessutan ei trekiste!
2 skal eg skriva dei same orda desse tavlene som dei fyrste, dei du slo sund, og du skal leggja tavlene i kista.»
3 laga eg ei kiste av akasietre, hogg til to steintavler, like eins som dei fyrste, og gjekk opp fjellet med tavlene i handa.
4 Herren skreiv det same tavlene som fyrste gongen, dei ti bodorda som han hadde forkynt for dykk fjellet, midt ut or elden, den dagen de var samla. Og han gav dei til meg.
5 Eg snudde meg og gjekk ned av fjellet. Tavlene la eg i den kista eg hadde laga, og der vart dei liggjande, som Herren hadde sagt meg.
6 Sidan tok israelittane ut frå Bene-Ja’akan-kjeldene og kom til Mosera. Der døydde Aron, og der vart han gravlagd. Og Elasar, son hans, vart prest etter han.
7 Derifrå heldt dei fram til Gudgod og frå Gudgod til Jotba, eit land med mange bekker.
8 den tid skilde Herren ut Levi-ætta til å bera Herrens paktkiste og til å stå for Herrens åsyn, gjera teneste for han og lysa velsigning i hans namn, og det har dei gjort til denne dag.
9 Difor fekk ikkje Levi nokon arv og del saman med brørne sine. Herren er hans arv, såleis som Herren din Gud har sagt til han.
10 vart eg verande fjellet i førti dagar og førti netter, liksom fyrste gongen. Og Herren høyrde bøna mi denne gongen òg. Han ville ikkje tyna deg.
11 Sidan sa Herren til meg: «Stå opp, ta ut og føre folket, dei kan koma inn i det landet som eg med eid lova at eg ville gje fedrane deira, og leggja det under seg.»
12 Og no, Israel, kva er det Herren din Gud krev av deg? At du skal ottast Herren din Gud, du går alle hans vegar, elskar og tener han av heile ditt hjarta og heile din hug,
13 og at du skal halda Herrens bod og føresegner, som eg gjev deg i dag. skal det deg vel.
14 Sjå, himmelen, den høge himmel, og jorda med alt det som der finst, høyrer Herren din Gud til.
15 Men endå var det berre fedrane dine han fekk godhug for og elska. Og sidan valde han ut dykk, etterkomarane deira, framom alle andre folkeslag, som vi ser det i dag.
16 omskjer hjarto dykkar, og ver ikkje lenger stridlyndte!
17 For Herren dykkar Gud, han er Gud over alle gudar og Herre over alle herrar, den store, mektige og agelege Gud. Han gjer ikkje skil folk og tek ikkje muter.
18 Han hjelper den farlause og enkja til retten deira og elskar innflyttarane, han gjev dei mat og klede.
19 Difor skal de òg elska innflyttarane; de har sjølve vore innflyttarar i Egypt.
20 Herren din Gud skal du ottast. Han skal du tena og halda deg til, og ved hans namn skal du sverja.
21 Han er di ære, og han er din Gud, som har gjort desse store og agelege gjerningane for deg, som du har sett for augo dine.
22 Fedrane dine var sytti i talet dei fór ned til Egypt. Men no har Herren din Gud gjort deg uteljande som stjernene himmelen.