Deuteronomy 7NO1978NN

1Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, vil han driva ut mange folkeslag for deg: hetittane, girgasjittane, amorittane, kanaanearane, perisittane, hevittane og jebusittane, sju folkeslag som er større og sterkare enn du.

2Når Herren din Gud gjev dei i di makt, så du vinn over dei, skal du bannstøyta dei. Du må ikkje gjera pakt med dei og ikkje visa dei nåde.

3Du må ikkje ha samgifte med dei. Gjev ikkje døtrene dine til sønene deira, og ta ikkje døtrene deira til koner åt sønene dine!

4For då får dei sønene dine til å gå bort frå meg og dyrka andre gudar. Og då kjem Herrens vreide til å loga mot dykk, og han vil rydja deg ut på kort tid.

5Nei, så skal de gjera med dei: De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, hogga ned Asjera-pålane og brenna gudebileta.

6For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Deg har Herren din Gud valt ut mellom alle folk på jorda til å vera hans eige folk.

7Når Herren hadde godhug for dykk og valde dykk ut, var det ikkje fordi de var større enn alle andre folk; for de er det minste av alle folka.

8Men Herren elska dykk og ville halda den eiden han hadde svore fedrane dykkar. Difor førte han dykk bort med sterk hand og fria deg ut or trælehuset, or hendene på farao, egyptarkongen.

9Så må du vita at Herren din Gud, han er Gud, den trufaste Gud, som held si pakt og gjer vel i tusen ættleder mot dei som elskar han og held boda hans.

10Men den som hatar han, løner han med undergang. Han er ikkje sein til å løna den som hatar han.

11Så hald då fast ved dei bod, føresegner og domar som eg no gjev deg, og lev etter dei!

12Dersom de lyder desse boda og legg vinn på å leva etter dei, skal Herren din Gud halda fast ved si miskunn og den pakta han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid.

13Han skal elska deg og velsigna deg og gjera ætta di stor. Han skal velsigna borna dine og grøda di, kornet og vinen og oljen, det som vert født av storfe, og det som kjem til mellom småfe, i det landet han med eid lova fedrane dine å gje deg.

14Velsigna skal du vera framom alle andre folk; hjå deg skal det ikkje finnast nokon som er utan avkom, korkje menn eller kvinner eller noko av husdyra dine.

15All sjukdom skal Herren halda borte frå deg, og ingen av dei stygge farsottene som du kjenner frå Egypt, skal han senda over deg, men over alle fiendane dine skal han la dei koma.

16Du skal gjera ende på alle dei folk som Herren din Gud gjev deg makt over, og ikkje spara dei. Og gudane deira må du ikkje dyrka; for det ville verta ei felle for deg.

17Men om du tenkjer som så: «Desse folka er større enn eg. Korleis skal eg greia å driva dei ut?»

18så ver ikkje redd dei! Kom i hug kva Herren din Gud gjorde med farao og alle egyptarane!

19Kom i hug dei store plagene som du såg for augo dine, teikna og undera, då Herren med sterk hand og strak arm førte deg ut. Det same skal Herren din Gud gjera med alle dei folka du no er redd for.

20Han skal jamvel senda redsle og rådløyse mellom dei, til dess dei er borte, alle dei som er att eller har gøymt seg for deg.

21Lat deg ikkje skræma av dei; for Herren din Gud er hjå deg, ein stor og ageleg Gud.

22Smått om senn skal Herren din Gud driva desse folka ut for deg. Du skal ikkje gjera ende på dei med ein gong; då kunne villdyra verta for mange for deg.

23Herren din Gud skal gje deg makt over folka og gjera dei rådlause og redde, til dei vert utrudde.

24Han skal gje kongane deira i dine hender, og du skal stryka ut namna deira under himmelen. Ingen skal kunna stå seg mot deg, og snart er det ute med dei.

25Gudebileta deira skal de kasta på elden. Du skal ikkje bry deg om sølvet og gullet på dei og eigna det til deg. Det ville verta ei snare for deg; for det er ein styggedom for Herren din Gud.

26Lat ikkje slik styggedom koma inn i huset ditt, så du vert bannlyst liksom det. Du skal styggjast ved det og sky det, for det er bannlyst.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 7.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.