1Dette er dei bod, føresegner og domar som Herren dykkar Gud sa at eg skulle læra dykk, og som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.
2Du skal ottast Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle føresegnene og boda hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, så du kan få eit langt liv.
3Så høyr då, Israel! Legg vinn på å leva etter Herrens bod! Då skal det gå deg vel, og de skal aukast og verta mange i det landet som fløymer med mjølk og honning, så som Herren, dine fedrars Gud, har lova deg.
4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.
5Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarta og av heile din hug og av all di makt.
6Desse orda og boda som eg gjev deg i dag, skal du gøyma i hjarta ditt.
7Du skal prenta dei inn i borna dine og tala om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.
8Du skal binda dei på handa di til eit merke og bera dei på panna som ein minnesetel
9og skriva dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.
10No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt,
11hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett,
12ta deg då i vare så du ikkje gløymer Herren, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.
13Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.
14Hald dykk ikkje til andre gudar, som grannefolka dykkar dyrkar.
15For Herren din Gud, som er midt imellom dykk, han er ein brennhuga Gud. Han kunne harmast på deg og rydja deg ut frå jorda.
16De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa.
17Legg vinn på å halda dei lover, bod og føresegner som Herren dykkar Gud har gjeve deg,
18og gjer det som er rett og godt i hans augo. Då skal det gå deg vel, og du skal få koma inn i det gode landet som Herren svor at han ville gje fedrane dine, og ta det i eige.
19Herren skal driva ut alle fiendar for deg, så som han har sagt.
20Når son din sidan spør deg korleis det har seg med dei bod, føresegner og domar som Herren vår Gud har gjeve dykk,
21skal du svara: «Vi var trælar hjå farao i Egypt, men Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand.
22Med eigne augo såg vi korleis Herren i Egypt gjorde store teikn og under som førte ulukke over farao og heile hans hus.
23Men oss førte han ut derifrå, for han ville leia oss inn i det landet som han med eid hadde lova fedrane våre, og gje oss det.
24Då baud han oss å halda alle desse føresegnene og ottast Herren vår Gud, så det skulle gå oss vel alle dagar, og han kunne la oss leva, som han har gjort til denne dag.
25Når vi legg vinn på å leva etter alle desse boda som Herren vår Gud har gjeve oss, då står vi rettferdige for han.»