Deuteronomy 22NO1978NN

1Når du ser at oksen eller sauen åt landsmannen din har gått seg vill, må du ikkje la vera å hjelpa, men føra dyret attende til eigaren.

2Dersom han ikkje bur i grannelaget, eller du ikkje veit kven det er, skal du ta dyret heim til deg og ha det der til dess landsmannen din kjem og spør etter det. Då skal du la han få det att.

3Det same skal du gjera når du finn eit esel, ei kappe eller kva det så måtte vera som har kome bort for landsmannen din; du må ikkje la vera å hjelpa.

4Når du ser at eselet eller oksen åt landsmannen din fell over ende på vegen, må du ikkje dra deg unna, men hjelpa han med å reisa opp dyret.

5Ei kvinne skal ikkje bera mannsklede, og ein mann skal ikkje gå i kvinneklede. For Herren din Gud styggjest ved kvar den som gjer det.

6Når du går på ein veg og kjem over eit fuglereir i eit tre eller på bakken, og det er ungar eller egg i det, og mora ligg på ungane eller egga, då skal du ikkje ta både mora og ungane.

7Lat mora flyga, men ungane kan du ta. Så skal det gå deg vel, og du skal få leva lenge.

8Når du byggjer deg nytt hus, skal du laga rekkverk på taket. Elles kunne einkvan detta ned, og då kom du til å føra blodskuld over huset ditt.

9Du skal ikkje så noko i vingarden din. Elles vil alt gå til heilagdomen, både avlinga av det du har sått, og frukta frå vingarden.

10Du skal ikkje pløya med okse og esel saman.

11Du skal ikkje gå i klede som er vovne av to slag vyrke, ull og lin.

12Du skal setja duskar i dei fire snippane på kappa som du sveiper deg i.

13Når ein mann tek seg ei kone og kjem saman med henne, men sidan får uvilje mot henne

14og skuldar henne for skamlege ting, set ut vondt ord om henne og seier: «Eg gifte meg med denne kvinna, men då eg kom saman med henne, skjøna eg at ho ikkje var møy»,

15då skal far og mor til jenta ta teiknet på at ho var møy, og ha det med til dei eldste ved byporten.

16Og faren skal seia til dei eldste: «Eg lét denne mannen få dotter mi til kone, men no har han fått uvilje mot henne.

17Han kjem med skuldingar mot henne og seier at han ikkje fann noko teikn på at dotter mi var møy. Men her er møydomsteiknet hennar!» Dermed skal dei breia ut kledet for dei eldste i byen.

18Då skal dei eldste ta mannen og straffa han.

19Dei skal døma han til ei bot på hundre sekel sølv og gje dei til far åt jenta, fordi mannen har sett ut vondt ord om ei møy i Israel. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

20Men er skuldinga sann, finst det ikkje teikn på at jenta var møy,

21så skal dei føra henne bort åt døra til farshuset hennar, og mennene i byen skal steina henne i hel. For ho har gjort ei skamlaus gjerning i Israel og drive utukt i huset åt far sin. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

22Kjem de over ein mann som ligg med ei gift kvinne, skal dei begge døy, både kvinna og mannen som låg med henne. Såleis skal du rydja det vonde ut or Israel.

23Når ein mann råkar ei ungmøy i byen, ei som er trulova med ein annan mann, og han ligg med henne,

24skal de føra begge to til byporten og steina dei i hel, jenta fordi ho ikkje ropa om hjelp endå ho var i ein by, og mannen fordi han krenkte annan manns kvinne. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg.

25Men er det ute på marka ein mann råkar ei jente som er trulova, og tek henne med vald og ligg med henne, då skal berre mannen døy.

26Jenta skal du ikkje gjera noko; ho har inga synd gjort som det er dødsstraff for. Dette er ei sak av same slaget som når ein mann ryk på nesten sin og slår han i hel.

27Mannen råka jenta ute på open mark. Ho ropa, men det var ingen til å hjelpa henne.

28Når ein mann råkar ei ungmøy som ikkje er trulova, og han tek henne og ligg med henne, og folk kjem over dei,

29skal mannen som var saman med jenta, gje far hennar femti sekel sølv fordi han krenkte henne. Ho skal vera kona hans, og han må ikkje skilja seg frå henne så lenge han lever.

30Ingen må gifta seg med kona åt far sin og såleis vanæra lega åt far sin.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.