Deuteronomy 21NO1978NN

1Når nokon finn ein mann som ligg drepen på marka i det landet Herren din Gud lèt deg få i eige, og ingen veit kven som har slege han i hel,

2skal dei eldste og domarane dine gå ut og mæla kor langt det er frå den drepne til dei byane som ligg der ikring.

3Og dei eldste i den byen som ligg nærast den drepne, skal ta ei kvige som ikkje har vore brukt til arbeid og aldri har hatt åk på seg,

4og leia henne ned i ein dal der det alltid renn vatn, og der det korkje vert pløgt eller sått. Der i dalen skal dei bryta nakken på kviga.

5Så skal prestane, Levi-sønene, stiga fram. For dei har Herren din Gud valt ut til å tena han og velsigna i hans namn, og etter deira ord skal kvar sak som gjeld tvistemål eller lekamsskade, avgjerast.

6Alle dei eldste i den byen som er nærast den drepne, skal vaska hendene sine over kviga som dei har brote nakken på nede i dalen.

7Og så skal dei ta til ords og seia: «Våre hender har ikkje rent ut dette blodet, og vi har ikkje vore augnevitne til drapet.

8Herre, ta bort skulda frå Israel, folket ditt, som du har løyst ut. Lat ikkje Israel, folket ditt, lida for drapet på ein skuldlaus mann!» Då får dei soning for blodskulda.

9Såleis skal du reinsa bort det skuldlause blodet, når du gjer det som rett er i Herrens augo.

10Når du dreg i krig mot fiendane dine, og Herren din Gud gjev dei i dine hender, så du tek fangar,

11og du mellom fangane får sjå ei fager kvinne som du vert glad i og vil ha til kone,

12skal du leia henne inn i huset ditt. Ho skal klyppa håret og skjera neglene

13og ta av seg dei kleda ho gjekk i då ho vart teken til fange. Så skal ho vera i huset ditt og syrgja over far sin og mor si ein heil månad. Sidan kan du gå inn til henne og gifta deg med henne, så ho vert kona di.

14Men syner det seg så at du ikkje likar henne lenger, skal du la henne gå kvar ho vil. Du må ikkje selja henne for pengar og ikkje fara stygt med henne, sidan du har fått din vilje med henne.

15Det kan henda at ein mann har to koner, ei som han elskar, og ei som han ikkje bryr seg om, og at han får søner med begge to, men den eldste er son til den han ikkje held av.

16Når den tid kjem at han skal skifta det han eig, mellom sønene sine, må han ikkje gje son til den kona han elskar, dei rettar ein odelsgut har, til skade for den eldste som er son til den kona han ikkje bryr seg om.

17Han skal kjennast ved den eldste, som er son til den kona han ikkje held av, og gje han dobbel arvelut av alt det han eig. For han er den fyrste frukt av hans manndom, og odelsretten høyrer han til.

18Når ein mann har ein ustyrleg og trassig son, som ikkje vil høyra på far sin og mor si, og ikkje vil lyda dei endå dei tuktar han,

19då skal foreldra ta han med seg til byporten, til dei eldste der i byen,

20og seia til dei: «Denne sonen vår er ustyrleg og trassig og vil ikkje lyda oss. Øydslesam og drikkekjær er han òg.»

21Då skal alle mennene i byen steina han i hel. Såleis skal du rydja ut det vonde hjå deg. Heile Israel skal høyra om det, og redsle skal ta dei alle.

22Når ein mann har gjort ei synd som det er dødsstraff for, og han vert avretta og hengd opp i eit tre,

23då skal du ikkje la den døde kroppen hans hanga i treet natta over, men gravleggja han same dagen. For den som vert opphengd, er forbanna av Gud, og det landet Herren din Gud vil gje deg til odel og eige, må du ikkje gjera ureint.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Deuteronomy 21.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.