Colossians 4NO1978NN

1De som er herrar, skal fara rett og rimeleg fram mot trælane dykkar, for de veit at de òg har ein herre i himmelen.

2Ver vedhaldande i bøn, vak og bed og takka Gud!

3Bed for oss òg, at Gud må opna ei dør for Ordet, så vi kan forkynna Kristi løyndom, den eg no sit i fengsel for.

4Bed om at eg må få gjera han kjend som eg skal.

5Ver visleg når de er saman med dei som står utanfor, og kjøp den laglege tid.

6Lat alltid orda dykkar vera venlege, men lat dei ha salt og kraft, så de veit å gje kvar og ein det rette svaret.

7Tykikus kjem til å fortelja dykk alt om korleis det går med meg. Han er ein kjær bror og ein trufast tenar og medarbeidar for Herren.

8Eg sender han til dykk nett for at de skal få høyra korleis det er med oss, og for at han skal setja nytt mot i dykk.

9Saman med han sender eg Onesimus, den trufaste og kjære bror som er frå dykkar by. Desse to kan fortelja dykk alt herifrå.

10Aristark, som er fange saman med meg, helsar dykk, og det same gjer Markus, syskenbarnet til Barnabas. De har fått bod om han; ta vel imot han om han kjem.

11Jesus, som har tilnamnet Justus, helsar òg. Desse tre er dei einaste jødekristne som har arbeidt saman med meg for Guds rike, og dei har vore til stor trøyst for meg.

12Epafras, som kjem frå dykkar eigen kyrkjelyd, helsar dykk. Han er ein Kristi Jesu tenar og strider alltid for dykk i bøn, så de kan verta ståande, fullmogne og fullt visse i alt som er Guds vilje.

13Eg gjev han det vitnemålet at han strevar og arbeider for dykk og for dei i Laodikea og Hierapolis.

14Den kjære Lukas, lækjaren, helsar dykk; det same gjer Demas.

15Helsa brørne i Laodikea, like eins Nymfa og kyrkjelyden som samlast heime hjå henne.

16Når dette brevet er opplese hjå dykk, syt då for at det òg vert opplese for kyrkjelyden i Laodikea, og at de sjølve får lesa det brevet mitt som de får frå Laodikea.

17Sei til Arkippus: Akta på den tenesta du har fått for Herren, så du fullfører henne.

18Eg, Paulus, skriv mi helsing med eiga hand. Kom i hug lekkjene mine! Nåden vere med dykk!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for Colossians 4.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.