1 Thessalonians 1NO1978NN

1Paulus, Silvanus og Timoteus helsar kyrkjelyden i Tessalonika, som har sitt liv i Gud Fader og Herren Jesus Kristus. Nåde og fred vere med dykk!

2Vi takkar alltid Gud for dykk alle når vi nemner dykk i bønene våre.

3For vår Gud og Fars åsyn kjem vi dykk i hug og tenkjer stadig på korleis trua dykkar syner seg i gjerning, kjærleiken i arbeid, og vona til vår Herre Jesus Kristus i tolmod.

4Vi veit då, brør, som er elska av Gud, at de er utvalde.

5For då vi forkynte evangeliet hjå dykk, var det ikkje berre med ord, men òg med kraft, ved Den Heilage Ande og med full overtyding. De veit korleis vi ferdast mellom dykk; vi tenkte berre på dykk.

6Og de tok oss, ja, Herren sjølv, til føredøme, og i stor trengsle tok de imot Ordet med den glede som Den Heilage Ande gjev.

7Såleis vart de eit førebilete for alle dei truande i Makedonia og Akaia.

8For frå dykk har Herrens ord lydt. Ikkje berre i Makedonia og Akaia, men alle stader har folk høyrt om dykkar tru på Gud, så det treng vi ikkje tala om.

9Dei fortel sjølve korleis vi vart mottekne hjå dykk. De vende om til Gud frå avgudane og tok til å tena den levande og sanne Gud,

10og venta på Son hans frå himmelen, han som Gud reiste opp frå dei døde, Jesus, som bergar oss frå den vreidedomen som kjem.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Thessalonians 1.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.