2 Samuel 11NO1978NN

1Året etter, på den tid kongane plar fara i hærferd, sende David Joab av stad med mennene sine og heile Israels-hæren, og dei herja ammonittlandet og kringsette Rabba. Sjølv sat David heime i Jerusalem.

2Ein kveld hende det at David stod opp or senga si og gjekk og dreiv på slottstaket. Som han såg utover frå taket, fekk han auga på ei kvinne som heldt på og lauga seg; det var ei ovfager kvinne.

3David sende bod og spurde seg føre om henne. Han fekk vita at det var Batseba Eliamsdotter, kona til hetitten Uria.

4Så sende David folk og henta henne til seg; og då ho kom, låg han med henne. Ho hadde nett reinsa seg etter at ho hadde vore urein. Sidan gjekk ho heim att.

5Men kvinna hadde vorte med barn og sende bod til David med dei orda: «Eg skal ha barn.»

6Då sende David bod til Joab: «Lat hetitten Uria koma hit til meg!» Og Joab gjorde som kongen hadde sagt.

7Då Uria kom, spurde David korleis det stod til med Joab og hæren, og korleis det gjekk med krigen.

8Så sa han: «Gå no heim og vaska føtene dine!» Og då Uria gjekk ut frå kongsgarden, sende kongen ei gåve etter han.

9Men Uria la seg i slottsporten saman med alle tenarane åt kongen; han gjekk ikkje heim til huset sitt.

10Då David fekk vita at Uria ikkje hadde gått heim til seg sjølv, sa han til han: «Har du ikkje vore på reis? Kvifor har du ikkje gått heim til ditt eige hus?»

11Uria svara: «Israelittane og judearane bur i lauvhytter, og paktkista har dei med seg. Joab, herren min, og mennene til kongen ligg i leir på open mark. Og så skulle eg gå heim og eta og drikka og liggja med kona mi? Så sant du lever, så sant det finst liv i deg: Det gjer eg ikkje!»

12Då sa David til Uria: «Ver no her i dag òg! I morgon sender eg deg av stad att.» Så vart Uria verande i Jerusalem den dagen og dagen etter.

13David bad han til seg. Dei åt og drakk saman, og David skjenkte han til han vart drukken. Men om kvelden gjekk han og la seg på plassen sin saman med kongsmennene; heim til huset sitt gjekk han ikkje.

14Morgonen etter skreiv David eit brev til Joab og sende det med Uria.

15I brevet stod det: «Set Uria lengst framme, der striden er hardast, og dra dykk attende frå han, så han fell og misser livet!»

16Joab, som låg og vakta på byen, sette då Uria på ein stad der han visste det var sterke karar innanfor.

17Mennene i byen drog ut og kom i strid med Joab. Nokre av krigarane til David fall, og hetitten Uria miste livet, han òg.

18Joab sende ein mann til David med melding om korleis det hadde gått til i slaget.

19Han sa til bodberaren: «Når du har fortalt kongen korleis det gjekk til i slaget,

20kan det henda at han fyk opp og seier: Kvifor kom de så nær inn til byen i striden? De måtte då skjøna at dei ville skyta ned mot dykk frå bymuren!

21Kven var det som drap Abimelek, son til Jerubbesjet? Var det ikkje ei kvinne som kasta ein kvernstein ned på han frå muren i Tebes, så han døydde? Kvifor gjekk de då så nær inn til muren? – Då skal du svara: Hetitten Uria, tenaren din, har mist livet, han òg.»

22Så tok mannen ut og kom til David med den meldinga han hadde fått av Joab.

23Han sa til David: «Fienden fekk overtaket på oss og drog ut på marka mot oss; men vi dreiv dei attende til byporten.

24Då skaut bogeskyttarane på oss oppe frå muren, og nokre av mennene dine fall, konge. Ein av dei som miste livet, var hetitten Uria, tenaren din.»

25Då sa David til bodberaren: «Sei til Joab at han ikkje skal ta seg nær av dette. For sverdet råkar snart den eine, snart den andre. Han skal berre halda fram med å strida mot byen og riva han ned. Bed han vera ved godt mot!»

26Då kona til Uria fekk høyra at mannen hennar var fallen, heldt ho syrgjehøgtid over husbonden sin.

27Men då syrgjetida var ute, sende David bod etter henne og henta henne heim til seg. Ho vart kona hans, og han fekk ein son med henne. Men det som David hadde gjort, var vondt i Herrens augo.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 11.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.