2 Samuel 10NO1978NN

1Ei tid etter bar det så til at kongen i Ammon døydde, og Hanun, son hans, vart konge etter han.

2Då sa David: «Eg vil gjera vel mot Hanun, son til Nakasj, liksom far hans gjorde vel mot meg.» Så sende han nokre av mennene sine, som skulle trøysta Hanun i sorga over faren. Men då mennene åt David kom til ammonittlandet,

3sa ammonitthovdingane til Hanun, herren sin: «Trur du det er fordi han vil æra far din at David sender folk som skal trøysta deg? Er det ikkje heller fordi han vil ransaka byen, speida han ut og så øydeleggja han, at han har sendt mennene sine hit?»

4Då greip Hanun mennene til David. Han raka av dei halve skjegget, skar av dei halve klednaden heilt opp til baken og sende dei så frå seg.

5Då David fekk vita kor stygt mennene hans hadde vorte vanæra, sende han folk som skulle møta dei og seia frå kongen: «Hald dykk i Jeriko til skjegget dykkar har vakse ut att. Så kan de koma heim.»

6Ammonittane skjøna at dei hadde gjort David hatig på seg. Dei sende ut folk og leigde tjue tusen mann fotfolk av aramearane i Bet-Rehob og Soba, tusen mann av kongen i Ma’aka og tolv tusen mann frå Tob.

7Då David høyrde det, sende han Joab av stad med alle dei krigsvane mennene i hæren.

8Så drog ammonittane ut og fylka seg framfor byporten. Men aramearane frå Soba og Rehob og mennene frå Tob og Ma’aka stod for seg sjølve bortpå marka.

9Då Joab såg at fienden truga både framanfrå og bakanfrå, valde han ut ein flokk av dei beste stridsmennene i Israel og stelte dei opp mot aramearane.

10Resten av hæren lét han Abisjai, bror sin, få hand over og fylka dei mot ammonittane.

11Så sa han: «Vinn aramearane over meg, må du koma meg til hjelp; og vinn ammonittane over deg, skal eg koma og hjelpa deg.

12Ver djerv! Og lat oss vera uredde i striden for folket vårt og for byane åt vår Gud; så får Herren gjera som han tykkjer best.»

13Så gjekk Joab og mennene hans til strid mot aramearane, og dei rømde for han.

14Då ammonittane såg at aramearane tok på flòg, rømde dei òg for Abisjai og drog seg inn i byen. Då fór Joab heim att frå Ammon og kom til Jerusalem.

15Aramearane såg at dei hadde tapt for israelittane, men dei samla seg att.

16Hadadeser sende bod og baud ut dei aramearane som budde på hi sida av Eufrat. Dei kom til Helam, og Sjobak, hærføraren til Hadadeser, førte dei.

17Då David fekk melding om det, samla han heile Israel, sette over Jordan og drog til Helam. Aramearane fylka seg mot David og gjekk til strid mot han.

18Men aramearane laut røma for israelittane, og David drap mannskapet på sju hundre av stridsvognene deira og felte førti tusen mann. Sjobak, hærføraren, fekk òg sin bane der.

19Då alle lydkongane åt Hadadeser såg at dei hadde tapt for israelittane, gjorde dei fred med dei og gav seg under Israel. Sidan torde ikkje aramearane hjelpa ammonittane meir.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Samuel 10.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.