2 Kings 3NO1978NN

1I det attande året Josjafat var konge i Juda, vart Joram, son til Akab, konge i Israel. Han styrte i Samaria i tolv år.

2Joram gjorde det som vondt var i Herrens augo, men bar seg ikkje så ille åt som far og mor hans hadde gjort. Han tok bort den Ba’al-støtta som far hans hadde laga.

3Men han heldt fast ved dei syndene som Jeroboam Nebatsson hadde gjort og fått israelittane til å gjera. Dei vende han seg ikkje bort ifrå.

4Mesja, kongen i Moab, hadde mykje småfe. Kvart år betalte han Israels-kongen hundre tusen lam og ulla av hundre tusen verar i skatt.

5Men då Akab døydde, reiv Moab-kongen seg laus frå Israels-kongen.

6Straks drog kong Joram ut or Samaria og mønstra heile Israel.

7Så sende han bod til Josjafat, Juda-kongen, og sa: «Kongen i Moab har rive seg laus frå meg. Vil du vera med meg på ei hærferd mot Moab?» Han svara: «Ja, det vil eg; eg som du, mitt folk som ditt folk, mine hestar som dine hestar.»

8«Kva veg skal vi ta?» spurde Joram. Josjafat svara: «Vegen gjennom øydemarka i Edom.»

9Så tok dei av stad, kongane i Israel, Juda og Edom. Men då dei hadde fare sju dagsleier fram, fanst det ikkje vatn, korkje til hæren eller til dyra som dei hadde med seg.

10Då sa Israels-kongen: «Å, Herren har visst kalla desse tre kongane saman for å gje dei i hendene på moabittane.»

11Men Josjafat sa: «Finst det ingen av Herrens profetar her, så vi kan spørja Herren til råds gjennom han?» Ein av mennene åt Israels-kongen svara: «Her er Elisja, son til Sjafat, den tenaren som stod Elia serleg nær.»

12Josjafat sa: «Ja, han har ord frå Herren.» Så gjekk dei ned til profeten alle tre, Israels-kongen, Josjafat og Edom-kongen.

13Elisja sa til Israels-kongen: «Kva vil du meg? Gå til profetane åt far din og mor di!» Men Israels-kongen svara: «Nei, det er Herren som har kalla desse tre kongane hit for å gje dei i hendene på moabittane.»

14Då sa Elisja: «Så sant Herren, Allhærs Gud, lever, han som eg tener: Var det ikkje av vørdnad for Josjafat, Juda-kongen, ville eg ikkje sjå på deg eingong.

15Men henta no ein harpespelar til meg!» Då så harpespelaren tok til å spela, kom Herrens hand over Elisja.

16Og han sa: «Så seier Herren: Grav grøft etter grøft her i dalen!

17For så seier Herren: Utan at de ser vind eller regn, skal denne dalen fyllast med vatn, så de får drikka, både de og buskapen og dei andre dyra dykkar.

18Men dette er det minste Herren kan gjera. Han vil òg gje moabittane i dykkar hand.

19De skal ta kvar festningsby og kvar storby, fella kvart frukttre og dytta att kvar vasskjelde. Og kvar grøderik åker skal de øydeleggja med stein.»

20Morgonen etter, på den tid grødeofferet vert frambore, kom vatnet strøymande frå den kanten der Edom ligg, og landet vart fylt med vatn.

21No fekk moabittane høyra at kongane var komne og ville strida mot dei. Alle våpenføre menn vart mønstra og tok stilling ved grensa.

22Då moabittane stod opp morgonen etter, skein sola på vatnet, og dei tykte det var raudt som blod.

23«Det er blod,» ropa dei. «Kongane har stridt mot kvarandre og slege kvarandre i hel. No skal vi ta hærfang, moabittar!»

24Men då dei kom til Israels-leiren, storma israelittane fram og slo moabittane, så dei laut røma. Så sette dei etter moabittane og slo dei heilt.

25No reiv dei ned byane, og kvar grøderik åker fylte dei med stein; for kvar mann kasta sin stein. Kvar vasskjelde dytte dei att, og kvart frukttre felte dei. Til slutt var det berre stein att i Kir-Hareset. Slyngjekastarane kringsette byen og gjekk til åtak på han.

26Då Moab-kongen såg at striden vart for hard for han, tok han med seg sju hundre mann, væpna med sverd, og ville bryta igjennom og nå bort til Edom-kongen. Men det greidde dei ikkje.

27Då tok kongen eldste son sin, som skulle verta konge etter han, og ofra han som brennoffer på bymuren. Og israelittane fekk slik støkk i seg at dei drog bort derifrå og fór heim att til sitt eige land.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.