2 Kings 2NO1978NN

1Den gongen Herren tok Elia opp til himmelen i ein storm, bar det så til: Elia og Elisja gjekk saman ut frå Gilgal.

2Elia sa til Elisja: «Ver du her! For Herren sender meg til Betel.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så fór dei ned til Betel.

3Profetsveinane i Betel kom ut til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det, eg òg. Tei berre stilt!»

4Så sa Elia til han: «Ver du her, Elisja! For Herren sender meg til Jeriko.» Men han svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei til Jeriko.

5Profetsveinane der i byen kom bort til Elisja og sa til han: «Veit du at Herren i dag vil ta meisteren din bort beint over hovudet på deg?» Han svara: «Ja, eg veit det. Tei berre stilt!»

6No sa Elia til han: «Ver du her! For Herren sender meg til Jordan.» Men Elisja svara: «Så sant Herren lever, og så sant du sjølv lever: Eg skil ikkje lag med deg.» Så gjekk dei frametter, dei to.

7Då kom femti av profetsveinane ut og stelte seg opp midt for dei eit stykke unna, medan dei to stod nedmed Jordan.

8Elia tok kappa si, rulla henne saman og slo på vatnet. Då delte vatnet seg, og begge gjekk over på turre botnen.

9Medan dei gjekk over, sa Elia til Elisja: «Sei kva du vil at eg skal gjera for deg før eg vert teken frå deg.» Elisja svara: «Lat meg få ånda di i dobbelt mål!»

10Elia sa: «Det er ikkje lite, det du bed om. Men ser du meg når eg vert teken frå deg, skal du få det, elles ikkje.»

11Som dei gjekk der og tala saman, kom det brått ei eldvogn med eldhestar føre og skilde dei åt. Og Elia fór opp til himmelen i stormen.

12Då Elisja såg det, ropa han: «Å far, far! Israels vogner og hestfolk!» Då han ikkje kunne sjå han lenger, tok han tak i kleda sine og reiv dei i to stykke.

13Så tok han opp kappa åt Elia, som hadde falle av han, gjekk attende til Jordan og vart ståande på elvebakken.

14Der tok han kappa som hadde falle av Elia, slo på vatnet og sa: «Kvar er Herren, Elias Gud?» Då Elisja slo på vatnet, delte det seg, og han gjekk over.

15Det såg profetsveinane frå Jeriko der dei stod midt for han, og dei sa: «Ånda åt Elia kviler over Elisja.» Og dei kom til møtes med han og kasta seg til jorda for han.

16Så sa dei: «Det er femti sterke karar her hjå tenarane dine. Lat dei gå av stad og leita etter meisteren din! Kanskje Herrens Ande har ført han bort og sleppt han ned på eit fjell eller i ein dal.» Han svara: «De skal ikkje senda nokon.»

17Men dei bad han så lenge at han gav etter og sa: «Lat dei gå då!» Så sende dei ut femti mann, og dei leita etter Elia i tre dagar, men fann han ikkje.

18Dei kom attende til Elisja medan han var i Jeriko. Og han sa til dei: «Var det ikkje det eg sa at de ikkje skulle gå?»

19Folket i Jeriko sa til Elisja: «Som du ser, herre, ligg byen lagleg til. Men vatnet er ringt, og jorda gjev ikkje grøde.»

20Då sa han: «Henta eit nytt fat til meg og ha salt opp i det!» Dei så gjorde.

21Og han gjekk ut til kjelda som vatnet kom frå, kasta salt nedi og sa: «Så seier Herren: No gjer eg dette vatnet friskt. Det skal aldri meir valda død eller øydeleggja avling.»

22Sidan har vatnet vore friskt, heilt til denne dag. Det gjekk som Elisja sa.

23Frå Jeriko fór profeten opp til Betel. Medan han var på vegen, kom det nokre smågutar ut or byen. Dei gjorde narr av han og ropa: «Kom deg vekk, din snauskalle! Kom deg vekk, din snauskalle!»

24Då snudde han seg, såg på dei og forbanna dei i Herrens namn. Brått kom det to bjørnar ut or skogen, og dei reiv i hel førtito av borna.

25Frå Betel gjekk Elisja til Karmel-fjellet og så attende til Samaria.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Kings 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.