2 Chronicles 36NO1978NN

1Så tok folket i landet og gjorde Joakas, son åt Josjia, til konge i Jerusalem etter far hans.

2Joakas var tjuetre år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader.

3Men kongen i Egypt sette han av, så han ikkje fekk råda i Jerusalem lenger, og la skatt på landet, hundre talentar sølv og ein talent gull.

4Så gjorde Neko, kongen i Egypt, Eljakim, bror hans, til konge over Juda og Jerusalem og endra namnet hans til Jojakim. Joakas, bror hans, tok Neko med seg til Egypt.

5Jojakim var tjuefem år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år. Han gjorde det som var Herren hans Gud imot.

6Nebukadnesar, kongen i Babylonia, gjorde ei hærferd mot han og batt han med bronselekkjer og ville føra han til Babylonia.

7Nebukadnesar tok òg med seg ein del av kara i Herrens hus og sette dei i templet sitt i Babylon.

8Det som elles er å seia om Jojakim, om alt det stygge han gjorde, og det som hende han, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane. Jojakin, son hans, vart konge etter han.

9Jojakin var atten år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i tre månader og ti dagar. Han gjorde det som vondt var i Herrens augo.

10Ved årsskiftet sende kong Nebukadnesar ut folk som førte han til Babylon, og saman med han dei dyre kara i Herrens hus. Så gjorde han Sidkia, farbror hans, til konge i Juda og Jerusalem.

11Sidkia var tjueein år gamal då han vart konge, og han styrte i Jerusalem i elleve år.

12Han gjorde det som var Herren hans Gud imot. Og han audmykte seg ikkje for profeten Jeremia, som tala ord frå Herrens munn.

13Sidkia gjorde jamvel opprør mot kong Nebukadnesar, som hadde late han sverja seg truskap ved Gud. Han var stridlyndt og hard i hugen og ville ikkje venda om til Herren, Israels Gud.

14Alle leiarane i Juda og prestane og folket vart òg meir og meir trulause og gjorde dei same stygge tinga som andre folkeslag. Og dei gjorde Herrens hus ureint, det som han hadde helga i Jerusalem.

15Herren, deira fedrars Gud, åtvara dei både seint og tidleg gjennom utsendingane sine; for han hadde medkjensle med folket sitt og bustaden sin.

16Men dei spotta Guds utsendingar, vanvørde orda hans og heldt profetane hans for narr, til Herrens harme mot folket hans vart så stor at det ikkje fanst botevon meir.

17Så lét Herren kaldearkongen fara i hærferd mot folket i Juda. Han drap dei unge mennene deira med sverd midt i det heilage huset deira og sparte korkje gutar eller jenter, gamle eller skrale. Herren gav dei alle i hans hender.

18Alle dei kar som fanst i Guds hus, både store og små, og skattane, både dei som var i Herrens hus, og dei som kongen og stormennene hans åtte – alt tok han med seg til Babylon.

19Så brende dei Guds hus og reiv ned muren kring Jerusalem. Alle borgene i byen sette dei eld på, og alle dei dyre eignelutene som fanst der, vart øydelagde.

20Dei som slapp unna sverdet, førte han bort til Babylonia. Der laut dei vera trælar for han og sønene hans heilt til persarane fekk makta.

21Såleis vart det oppfylt, det ordet som Herren hadde tala gjennom Jeremia. Landet fekk kvila til dess det hadde teke att sabbatsåra sine, så lenge det låg audt, til sytti år var lidne.

22I det fyrste året Kyros var konge i Persia, gav Herren han den tanken at han skulle senda ut ei kunngjering, så det ordet Herren hadde tala gjennom profeten Jeremia, skulle oppfyllast. Kongen kunngjorde i heile sitt rike, både munnleg og skriftleg, denne bodskapen:

23«Så seier Kyros, kongen i Persia: Herren, Gud i himmelen, har gjeve meg alle kongerike på jorda. Han har sett meg til å byggja eit tempel for han i Jerusalem i Judea. Gud vere med kvar ein av dykk som høyrer folket hans til! De kan få fara heim.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 36.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.