1Så heldt Josjia påske for Herren i Jerusalem. Den fjortande dagen i den fyrste månaden slakta dei påskelammet.
2Kongen gav prestane dei oppgåvene dei skulle ha, og sette mot i dei til tenesta i Herrens hus.
3Og til levittane, som skulle vera lærarar for heile Israel, og som var helga til Herren, sa han: «Set den heilage kista i det huset som Israels-kongen Salomo, son til David, har bygt. De treng ikkje bera noko på akslene meir. No skal de tena Herren dykkar Gud og Israel, folket hans.
4Gjer dykk ferdige, kvar i si ættgrein og sitt skift, så som David, Israels konge, og Salomo, son hans, har føreskrive.
5Stell dykk opp i heilagdomen etter dei flokkane av ættgreiner som brørne dykkar i folket utgjer, ei levitt-ættgrein for kvar flokk.
6Så skal de slakta påskelammet, helga dykk og stella alt til for brørne dykkar. Gjer det så som Herren har sagt gjennom Moses.»
7Josjia gav lekfolket småfe – tretti tusen lam og kje – alt saman til påskeoffer for alle som var til stades, og like eins tre tusen oksar. Alt dette gav kongen av det han sjølv åtte.
8Og stormennene hans kom med friviljuge gåver til folket og prestane og levittane. Hilkia, Sakarja og Jehiel, som hadde det øvste tilsynet med Guds hus, gav prestane to tusen seks hundre påskelam og tre hundre oksar.
9Og Konanja og Sjemaja og Netanel, brørne hans, og Hasjabja, Je’iel og Josabad, dei fremste mellom levittane, gav levittane fem tusen påskelam og fem hundre oksar.
10Då det såleis var gjort i stand til gudstenesta, stelte prestane seg opp der dei skulle stå, og like eins levittane, skift for skift, som kongen hadde sagt føre.
11Påskelamma vart slakta, og prestane skvette noko av blodet på altaret, medan levittane flådde dyra.
12Det som skulle brukast til brennoffer, la dei til sides og gav det til ættgreinflokkane av lekfolket, så dei kunne bera det fram for Herren, så som føreskrive er i Moseboka. Sameleis gjorde dei med oksane.
13Påskelammet steikte dei over elden, som føreskrive var, og det kjøtet som var gjeve i heilag gåve, koka dei i gryter, kjelar og panner. Så skunda dei seg og bar det ut til alt lekfolket.
14Sidan laga dei til åt seg sjølve og åt prestane. For prestane, Arons-sønene, heldt på med å bera fram feittstykka av brennofferet til langt på natt. Difor laga levittane til åt seg sjølve og åt prestane, Arons-sønene.
15Songarane, Asaf-sønene, stod på staden sin, så som David, Asaf, Heman og Jedutun, sjåaren åt kongen, hadde fastsett, og portvaktarane stod ved kvar sin port. Dei trong ikkje gå frå tenesta si; for brørne deira, dei andre levittane, laga til åt dei.
16Såleis kom heile tenesta for Herren i sitt rette lag den dagen, og dei heldt påskehelg og bar fram brennoffer på Herrens altar, som kong Josjia hadde sagt føre.
17Dei israelittane som var til stades den gongen, heldt påske og høgtida usyrdebrødshelga i sju dagar.
18Ei slik påskehelg hadde ikkje vore halden i Israel sidan den tid då profeten Samuel levde. Ingen av Israels kongar hadde halde ei såvoren påskehelg som den Josjia no høgtida saman med prestane og levittane, heile folket i Juda, dei frå Israel som var til stades, og Jerusalems-buane.
19Det var fyrst i det attande styringsåret åt Josjia at ei slik påskehelg vart halden.
20Ei tid etter at alt dette hadde hendt, og Josjia hadde sett templet i stand, gjorde Neko, kongen i Egypt, ei hærferd til Karkemisj ved Eufrat. Og Josjia drog ut imot han.
21Då sende Neko bod til han og sa: «Kva har eg med deg å gjera, du Juda-konge? Det er ikkje deg eg dreg ut imot i dag, men det kongehuset som eg støtt ligg i strid med; og Gud har sagt at eg skal skunda meg. Set deg ikkje opp mot Gud, som er med meg. Elles kjem han til å tyna deg.»
22Men Josjia drog seg ikkje attende. Han ville strida mot han og gjera seg fri. Difor høyrde han ikkje på Nekos ord, som kom frå Guds munn, men gjekk til strid mot han på Megiddo-sletta.
23Der skaut bogeskyttarane på kong Josjia, og han sa til mennene sine: «Før meg bort! Eg er hardt såra.»
24Så lyfte mennene han ned frå stridsvogna og sette han over i ei anna vogn som han hadde med seg. Dei køyrde han til Jerusalem, og der døydde han. Han vart gravlagd der fedrane hans låg, og heile Juda og Jerusalem syrgde over Josjia.
25Jeremia kvad ein klagesong over han. Og alle songarane og songarinnene tala om Josjia i klagesongane sine, og det har dei gjort til denne dag. Det vart fast skikk i Israel å syngja desse songane, og dei finst oppskrivne mellom klagesongane.
26Det som elles er å seia om Josjia og dei gode gjerningane han gjorde, i samsvar med det som står skrive i Herrens lov,
27alt som er å seia om han, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om Israels- og Juda-kongane.