2 Chronicles 17NO1978NN

1Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel.

2Han la hærflokkar i alle festningsbyane i Juda og sette vaktpostar både i Juda og i dei byane som Asa, far hans, hadde teke i Efraim.

3Herren var med Josjafat, fordi han ferdast på dei vegane som David, ættefar hans, hadde fylgt i si fyrste tid. Han søkte ikkje råd hjå Ba’al-gudane,

4men hjå Gud åt far sin. Han heldt seg etter boda hans og fór ikkje åt som dei gjorde i Israel.

5Difor trygde Herren kongsmakta for Josjafat, og heile Juda kom til han med gåver, så han fekk stor rikdom og ære.

6Og medan han gjekk på Herrens vegar, auka motet hans, og han sytte for å få bort offerhaugane og Asjera-pålane i Juda.

7I det tredje styringsåret sitt sende Josjafat nokre av hovdingane sine ut for å læra folket i Juda-byane; det var Ben-Hajil, Obadja, Sakarja, Netanel og Mikaja.

8Saman med dei sende han levittane Sjemaja, Netanja, Sebadja, Asael, Sjemiramot, Jonatan, Adonja, Tobia og Tob-Adonja og så prestane Elisjama og Joram.

9Når dei lærte i Juda, hadde dei Herrens lovbok med seg. Såleis fór dei ikring i alle Juda-byane og lærte folket.

10Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat.

11Nokre av filistarane kom til Josjafat med gåver og med sølv som dei gav i skatt. Arabarane òg kom til han og hadde med seg småfe, sju tusen sju hundre verar og sju tusen sju hundre bukkar.

12Såleis fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og opplagsbyar i Juda.

13Han hadde store lager i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.

14Her er ei liste over dei, ætt for ætt: Juda hadde desse tusenmannsførarane: Adna, som var førar for tre hundre tusen djerve krigarar;

15jamsides han Johanan, som var førar for to hundre og åtti tusen;

16og jamsides han Amasja, son til Sikri, som av fri vilje hadde gått i Herrens teneste med to hundre tusen djerve krigarar.

17Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, med to hundre tusen mann som var væpna med boge og skjold,

18og jamsides han Josabad med hundre og åtti tusen stridsbudde menn.

19Dette var dei mennene som gjorde teneste hjå kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane rundt ikring i heile Juda.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.