2 Chronicles 16NO1978NN

1I det trettisjette styringsåret åt Asa gjorde Basja, Israels-kongen, ei hærferd mot Juda. Han bygde festningsverk i Rama, så ingen skulle få fara til eller frå kong Asa i Juda.

2Då tok Asa fram sølv og gull frå skattkammera, både i Herrens hus og i kongsgarden. Han sende det til Benhadad, kongen i Aram, som budde i Damaskus, med desse orda:

3«Som du veit, er det ei pakt mellom meg og deg, som det var mellom far min og far din. Her sender eg deg sølv og gull. Bryt no den pakta du har med Basja, Israels-kongen, så han må fara bort frå meg.»

4Benhadad gjorde som kong Asa sa. Han sende hærførarane sine mot byane i Israel, og dei tok Ijjon, Dan og Abel-Majim og alle lagerhusa i Naftali-byane.

5Då Basja fekk melding om dette, heldt han opp med å byggja festningsverk i Rama. Han la ned det arbeidet.

6Men kong Asa tok heile Juda-folket med seg, og dei førte bort steinane og tømmeret som Basja hadde nytta då han bygde ut Rama. Med det reiste Asa festningsverk i Geba og Mispa.

7Ved det leitet kom sjåaren Hanani til Asa, Juda-kongen, og sa til han: «Fordi du sette di lit til aramearkongen og ikkje til Herren din Gud, difor har hæren åt aramearkongen sloppe ut or hendene dine.

8Hadde ikkje nubiarane og libyarane òg ein stor hær med stridsvogner og hestfolk i mengd? Men fordi du den gongen leit på Herren, gav han dei i ditt vald.

9For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

10Då vart Asa harm på sjåaren og sette han i fengsel; så arg var han på han for dette. På same tid fór han hardt fram mot andre av folket.

11Det som er å seia om Asa, frå fyrst til sist, det står skrive i boka om kongane i Juda og Israel.

12I det trettiniande styringsåret sitt fekk Asa ein sjukdom i føtene, og sjukdomen vart verre og verre. Men heller ikkje då han var sjuk, søkte han Herren, men berre lækjarane.

13Så gjekk Asa til kvile hjå fedrane sine. Han døydde i det førtifyrste styringsåret sitt.

14Dei sette han ned i hans eige gravrom, som han hadde late hogga ut åt seg i Davids-byen. Der la dei han på ei lege fylt med velluktande urter og ymse salvar som var blanda. Så kveikte dei eit veldig bål til ære for han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 2 Chronicles 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.