1Og det Samuel sa, gjekk ut til heile Israel. Israelittane drog no ut til strid mot filistarane. Dei slo leir attmed Eben-Eser, medan filistarane hadde leira seg ved Afek.
2Filistarane fylka hæren sin mot israelittane, og striden breidde seg. Israel tapte for filistarane, og det fall om lag fire tusen mann i fylkinga på slagmarka.
3Då folket kom attende til leiren, sa dei eldste i Israel: «Kvifor har Herren late filistarane vinna over oss i dag? Lat oss henta Herrens paktkiste i Sjilo, så han kan koma hit og vera mellom oss og berga oss frå fiendane våre.»
4Så sende folket bod til Sjilo, og der henta dei paktkista åt Herren, Allhærs Gud, han som tronar over kjerubane. Dei to Eli-sønene, Hofni og Pinhas, var òg med; dei fylgde Guds paktkiste.
5Då Herrens paktkiste kom til leiren, sette heile Israel i eit glederop så sterkt at jorda riste.
6Filistarane høyrde ropet og sa: «Kva tyder dette høge glederopet i hebrearleiren?» Men då dei fekk vita at Herrens paktkiste var komen dit,
7vart dei redde; for dei tenkte: «Gud er komen til leiren.» Og dei sa: «Ve oss! Slikt har aldri hendt før.
8Ve oss! Kven skal berga oss frå denne veldige guden? Dette er då den same guden som sende allslags plager over egyptarane i øydemarka.
9Men ta mot til dykk, filistarar, og ver menn, så de ikkje skal måtta træla for hebrearane, som dei har træla for dykk! Manna dykk opp og gå til strid!»
10Så gjekk filistarane på, og israelittane tapte og rømde heim, kvar til sitt. Mannefallet var fælande stort; det fall tretti tusen fotfolk av Israels-hæren.
11Guds paktkiste vart teken, og begge Eli-sønene, Hofni og Pinhas, miste livet.
12Ein mann av Benjamins-ætta sprang av stad frå slagmarka og kom same dagen til Sjilo med sundrivne klede og mold på hovudet.
13Då han kom, sat Eli på stolen sin attmed vegen og stirte bortetter; for han hadde slik hjartesut for Guds paktkiste. Då mannen kom inn i byen med meldinga, vart det eit jammerskrik over heile byen.
14Eli høyrde skriket og spurde: «Kva er dette for ståk?» Mannen skunda seg bort til Eli og fortalde han det.
15Eli var då 98 år gamal, og han var stiv i blikket; han kunne ikkje sjå.
16Som no mannen sa: «Eg kjem frå slagmarka, eg rømde frå slaget i dag», spurde Eli: «Korleis har det gått, guten min?»
17Han som kom med bodet, svara: «Israel rømde for filistarane, og det vart eit stort mannefall mellom folket. Begge sønene dine, Hofni og Pinhas, har òg mist livet, og Guds paktkiste er teken.»
18Med det same han nemnde Guds paktkiste, datt Eli baklengs ned av stolen attmed porten, braut nakken og døydde; for han var ein gamal og tung mann. Han hadde då vore domar i Israel i førti år.
19Sonekona hans, ho som var gift med Pinhas, var med barn og skulle snart føda. Då ho høyrde at Guds paktkiste var teken, og at verfaren og mannen hennar hadde mist livet, seig ho i kne og fødde; for riene kom brått over henne.
20Då ho heldt på å døy, sa kvinnene som stod oppover henne: «Ver ikkje redd, du har fått ein son!» Men ho svara ikkje og ansa ikkje kva dei sa.
21Ho kalla guten Ikabod og sa: «Kvorven er herlegdomen frå Israel!» For Guds paktkiste var teken, og verfaren og mannen hennar hadde mist livet.
22«Kvorven er herlegdomen frå Israel!» sa ho, «for Guds paktkiste er teken.»