1 Samuel 3NO1978NN

1Guten Samuel gjorde no teneste for Herren, og Eli hadde tilsyn med han. I dei dagar kom det sjeldan ord frå Herren, og av syner var det få.

2Så var det ein gong medan Eli låg på romet sitt. Augo hans hadde teke til å dimmast; han såg ikkje klårt.

3Guds lampe hadde endå ikkje slokna, og Samuel låg i Herrens tempel, der Guds paktkiste stod.

4Då ropa Herren på Samuel. Han svara: «Ja, her er eg,»

5og sprang inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli sa: «Eg ropa ikkje. Gå og legg deg att!» Så gjekk han og la seg.

6Då ropa Herren ein gong til: «Samuel!» Og Samuel stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Men Eli svara: «Nei, eg ropa ikkje, guten min. Gå og legg deg, du!»

7Samuel kjende ikkje Herren, for Herrens ord var endå ikkje openberra for han.

8Så ropa Herren tredje gongen på Samuel. Og han stod opp og gjekk inn til Eli og sa: «Her er eg. Du ropa på meg.» Då skjøna Eli at det var Herren som ropa på guten.

9Og han sa til Samuel: «Gå og legg deg! Og ropar han på deg att, skal du svara: Tala, Herre, tenaren din høyrer!» Så gjekk Samuel og la seg i romet sitt.

10Då kom Herren og stod framføre han. Han ropa som før: «Samuel, Samuel!» Og Samuel svara: «Tala, tenaren din høyrer!»

11Då sa Herren til Samuel: «No vil eg gjera slike ting i Israel at det ringjer for øyro på alle som høyrer om det.

12Den dagen skal Eli få sanna alt det eg har varsla om ætta hans, frå fyrst til sist.

13Eg har kunngjort for han at eg vil døma ætta hans for alle tider, for det brotet han gjorde. Han aga ikkje sønene sine, endå han visste at dei forbanna Gud.

14Difor har eg gjort denne eiden om Eli-ætta: Aldri skal skulda åt Eli-ætta kunna sonast, anten med slaktoffer eller med offergåver.»

15Samuel vart liggjande til morgons. Då opna han døra til Herrens hus; men han våga ikkje å fortelja Eli om synet.

16Då ropa Eli på han og sa: «Samuel, guten min!» «Ja, her er eg,» svara han.

17Eli spurde: «Kva var det han sa til deg? Kjære, døl det ikkje for meg! Gud la det gå deg ille både no og sidan om du døl for meg noko av det han sa til deg.»

18Så fortalde Samuel alt saman og dulde ingen ting for han. Då sa Eli: «Han er Herren. Han lyt gjera som han tykkjer best.»

19Så voks Samuel opp. Og Herren var med han og lét ikkje noko av det han hadde sagt, falla maktlaust til jorda.

20Då skjøna heile Israel frå Dan til Be’er-Sjeba at Herren sette lit til Samuel og hadde kalla han til profet.

21Og Herren heldt fram med å syna seg i Sjilo; der openberra Herren seg for Samuel gjennom sitt ord.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 3.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.