1 Samuel 23NO1978NN

1Folk kom til David og sa: «Filistarane er farne i hærferd mot Ke’ila, og dei ranar kornet på treskjevollane.»

2Då spurde David Herren til råds: «Skal eg dra ut og slå desse filistarane?» Herren svara: «Dra ut og slå filistarane og fria ut Ke’ila!»

3Men mennene åt David sa til han: «Vi er ikkje trygge her i Juda. Og så skulle vi fara til Ke’ila, mot filistarfylkingane!»

4Endå ein gong spurde David Herren til råds, og Herren svara: «Ta ut og far ned til Ke’ila! Eg vil gje filistarane i di hand.»

5Så fór David med mennene sine til Ke’ila og stridde mot filistarane. Dei felte mange og drog av med feet deira. Såleis berga David folket i Ke’ila. –

6Då Abjatar, son til Akimelek, rømde til David og fylgde han til Ke’ila, hadde han efoden med seg.

7Saul fekk melding om at David var komen til Ke’ila, og han sa: «Gud har gjeve han i mi hand. For han har sjølv stengt seg inne i ein by med portar og bommar.»

8Så kalla Saul heile hæren saman til strid. Han ville fara ned til Ke’ila og kringsetja David og mennene hans.

9Men då David skjøna at Saul la vonde planar mot han, sa han til presten Abjatar: «Kom hit med efoden!»

10Sidan sa han: «Herre, Israels Gud! Eg, tenaren din, har høyrt at Saul etlar seg til Ke’ila og vil øydeleggja byen for mi skuld.

11Vil då Ke’ila-buane gje meg i hans hand? Kjem Saul hit ned, som tenaren din har fått nyss om? Herre, Israels Gud, lat tenaren din få vita det!» Herren svara: «Ja, han kjem.»

12Så spurde David: «Vil Ke’ila-buane gje meg og mennene mine i Sauls hand?» Herren svara: «Ja, dei vil.»

13Då tok David ut med mennene sine, om lag seks hundre i talet. Dei fór bort frå Ke’ila og flakka ikring der det fall seg. Men då Saul fekk høyra at David hadde sloppe bort frå Ke’ila, lét han vera å dra ut.

14Sidan heldt David til i øydemarka, i fjellborgene. Han slo seg til i fjellet i Sif-øydemarka. Og heile tida leita Saul etter han, men Gud laga det så at han ikkje fall i hans hand.

15David skjøna at Saul hadde drege ut og ville drepa han. Men medan han var i Horesja i Sif-øydemarka,

16tok Jonatan, son til Saul, ut og kom til han der. Han sette mot i David i Guds namn.

17«Ver ikkje redd!» sa han; «Saul, far min, får ikkje tak i deg. Du skal verta konge over Israel, og eg skal vera nest etter deg. Det veit Saul, far min, òg.»

18Så gjorde dei pakt med kvarandre for Herrens åsyn, dei to. Og David vart verande i Horesja, men Jonatan fór heim til seg.

19Nokre menn frå Sif drog opp til Saul i Gibea og sa: «David held seg løynd hjå oss i fjellborgene i Horesja, attmed Hakila-haugen, som ligg sør for Jesjimon.

20Så sant du har hug til å koma dit ned, konge, så kom! Vi skal syta for at du får tak i han.»

21Saul svara: «Herren velsigne dykk, fordi de har slik medkjensle med meg.

22Far no heim att og ver framleis på vakt! Spør dykk føre og sjå etter kvar han ferdast, og kven som har sett han der. For dei har sagt meg at han er ein luring.

23Fylg med og finn ut kva for ein av alle gøymestadene han held til i. Kom så attende til meg med påliteleg melding! Så skal eg vera med dykk, og er han så sant i landet, skal eg leita han opp mellom alle ættene i Juda.»

24Då tok dei ut og fór heim til Sif føre Saul. På den tid var David og mennene hans i Maon-øydemarka, på Araba-sletta, sør for Jesjimon.

25Saul og mennene hans drog av stad og ville leita etter han. Men David fekk greie på det og fór ned til berghamaren og heldt seg i Maon-øydemarka. Då Saul fekk vita det, sette han etter David ut i Maon-øydemarka.

26Saul gjekk på den eine sida av fjellet og David og mennene hans på den andre. Og David skunda seg for å sleppa unna Saul, medan Saul og mennene hans var i ferd med å omringa David og mennene hans og ta dei.

27Men best det var, kom det ein bodberar til Saul og sa: «Skunda deg og kom! Filistarane har brote inn i landet.»

28Då heldt Saul opp med å forfylgja David og drog mot filistarane. Difor kallar dei den staden Skiljehamaren.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 23.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.