1 Samuel 22NO1978NN

1Så fór David bort frå Gat og rømde til hola ved Adullam. Då brørne hans og alle dei andre i ætta fekk høyra det, kom dei ned til han der.

2Og allslags menneske som var komne i naud, alle gjeldbundne og misnøgde, flokka seg om han, og han vart hovdingen deira. Det var om lag fire hundre mann som var med han.

3Derifrå drog David til Mispe i Moab, og han sa til moabittkongen: «Lat far min og mor mi få bu hjå dykk til eg får sjå kva Gud vil gjera for meg.»

4Så lét han dei vera hjå kongen i Moab, og dei budde der så lenge David heldt til i fjellborga.

5Men profeten Gad sa til David: «Du må ikkje gje deg til i fjellborga lenger. Far bort og kom deg heim til Juda!» Då tok David ut og kom til Haret-skogen.

6Saul fekk høyra at folk hadde sett David og dei mennene som var med han. Så var det ein dag Saul sat under tamariska på offerhaugen i Gibea med spydet i handa, og alle mennene hans stod ikring han.

7Då sa han til mennene som stod der: «Høyr her, benjaminittar! Trur de at Isai-sonen vil gje dykk alle saman jorder og vingardar og setja dykk til hovdingar over fylkingar på tusen og på hundre?

8De har då alle svore dykk i hop mot meg. Ingen av dykk varsla meg då son min gjorde pakt med Isai-sonen. Ingen hadde medkjensle med meg og varsla meg då son min sette min eigen tenar opp imot meg, så han ligg i bakhald mot meg, som han no gjer.»

9Då svara Doeg frå Edom, som stod mellom mennene til Saul: «Eg såg at Isai-sonen kom til Akimelek, son til Akitub, i Nob.

10Og Akimelek bad Herren om råd for han, gav han reisekost og lét han få sverdet åt filistaren Goliat.»

11Så sende kongen bod etter presten Akimelek, son til Akitub, og heile ætta hans, prestane i Nob. Dei møtte alle fram for kongen,

12og Saul sa: «Høyr her, du Akitubsson!» Han svara: «Ja, herre.»

13Då sa Saul til han: «Kvifor har de svore dykk i hop mot meg, du og Isai-sonen? Kvifor gav du han mat og våpen og bad Gud om råd for han, så han kunne setja seg opp imot meg og liggja i bakhald mot meg, som han no gjer?»

14Akimelek svara: «Kven av alle mennene dine har så stor tillit som David? Han er verson til kongen, hovding over livvakta og høgt vørd i huset ditt.

15Dette er ikkje fyrste gongen eg bed Gud om råd for han, langt ifrå! Kongen må ikkje klaga meg eller nokon i ætta mi for det. For eg har ikkje visst det minste om det.»

16Men kongen sa: «Du skal døy, Akimelek, både du og heile ætta di.»

17Så sa han til livvakta som stod ikring han: «Gå fram og drep Herrens prestar! For dei òg held med David. Dei visste at han var på røming, men varsla meg ikkje.» Men kongsmennene ville ikkje lyfta ei hand for å hogga ned Herrens prestar.

18Då sa kongen til Doeg: «Gå du fram og hogg ned prestane!» Så gjekk Doeg frå Edom fram og hogg ned prestane. Den dagen drap han åttifem mann som bar presteskrud av lin.

19Sidan øydde kongen prestebyen Nob med odd og egg. Både menn og kvinner, småborn og spedborn, oksar, esel og sauer drap han med sverd.

20Berre ein av sønene til Akimelek Akitubsson – Abjatar heitte han – slapp unna. Abjatar rømde til David,

21og han fortalde David at Saul hadde drepe Herrens prestar.

22Då sa David til Abjatar: «Alt den gongen Doeg frå Edom var der, skjøna eg at han ville seia det til Saul. Eg ber skulda for alle som er drepne i ætta di.

23Slå deg til hjå meg, og ver ikkje redd! For han som vil ta livet av meg, vil ta livet av deg òg. Hjå meg er du trygg.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 22.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.