1 Samuel 17NO1978NN

1Då det leid av ei tid, samla filistarane hærane sine til strid. Dei kom saman ved Soko i Juda og slo leir attmed Efes-Dammim, mellom Soko og Aseka.

2Saul og israelittane samla seg òg. Dei slo leir i Terebintedalen og fylka seg til strid mot filistarane.

3Filistarane stod i den eine fjellskråninga og israelittane i den andre, så dalen var mellom dei.

4Best det var, kom det fram ei holmgangskjempe frå filistarfylkinga. Mannen heitte Goliat og var frå Gat. Han var over ni fot høg.

5På hovudet hadde han ein bronsehjelm, og han var kledd i ei skjelbrynje av bronse, som vog fem tusen sekel.

6På leggene hadde han bronsespjelkar, og på ryggen bar han eit kastespyd av bronse.

7Spydskaftet var tjukt som ein vevbom, og spydodden var av jern og vog seks hundre sekel. Skjoldberaren gjekk føre han.

8Goliat steig fram og ropa til Israels-hæren: «Kvifor dreg de ut og fylkar dykk til strid? Er ikkje eg ein filistar og de trælane åt Saul? Vel ut ein mann, og send han ned til meg!

9Kan han strida med meg og fella meg, skal vi vera trælane dykkar. Men vinn eg over han og feller han, skal de vera våre trælar og tena oss.»

10Og filistaren heldt fram: «I dag har eg spotta Israels fylking. Send hit ein mann, så skal vi strida mot kvarandre.»

11Då Saul og alle israelittane høyrde kva filistaren sa, stokk dei til og vart fælande redde.

12David var son til Isai, som tilhøyrde Efrata-ætta frå Betlehem i Juda. Den mannen hadde åtte søner. På Sauls tid var han gamal og skral.

13Dei tre eldste sønene hans hadde fylgt Saul i krigen. Av desse tre sønene som hadde gått med i krigen, heitte den eldste Eliab, den andre Abinadab og den tredje Sjamma.

14David var den yngste. Dei tre eldste hadde fylgt Saul,

15men David gjekk ofte heim att frå Saul og gjætte småfeet åt far sin i Betlehem.

16Morgon og kveld steig filistaren fram; i førti dagar baud han seg fram til strid.

17Då sa Isai til David, son sin: «Ta ein efa av dette steikte kornet og desse ti brøda som brørne dine skal ha, og skunda deg til leiren, til brørne dine, med det!

18Og desse ti ostestykka skal du ha med til føraren for hærflokken. Sjå så etter korleis det står til med brørne dine, og få med deg eit pant frå dei!

19Dei og alle dei andre israelittane er hjå Saul i Terebintedalen og strider mot filistarane.»

20Morgonen etter stod David tidleg opp og fekk ein annan til å gjæta småfeet. Så tok han det han skulle ha med, og gav seg i veg, som Isai hadde sagt til han. Då han kom til leiren, gjekk hæren nett ut og fylka seg, og krigsropet ljoma.

21Både israelittane og filistarane stod budde til strid, fylking mot fylking.

22David la tinga sine frå seg hjå han som hadde tilsyn med føringsvognene. Så sprang han bort til fylkinga, fann brørne sine og helsa på dei.

23Best han stod og tala med dei, kom holmgangskjempa, filistaren Goliat frå Gat, fram or filistarfylkinga og heldt den vanlege talen sin, og David høyrde det.

24Alle israelittane rømde unna då dei såg mannen; dei var fælande redde.

25Men ein av dei sa: «Ser de den karen som kjem fram der? Han vil spotta Israel; det er det han kjem for. Den som feller han, vil kongen gje stor rikdom og dotter si med, og ætta hans skal vera friteken for skatt i Israel.»

26Då spurde David dei mennene som stod saman med han: «Kva var det han skulle få, den mannen som feller filistaren og tek ei slik vanære bort frå Israel? Kven er han vel, denne uomskorne filistaren, som vågar å spotta fylkingane åt den levande Gud?»

27Folket tok opp att det som var sagt: Det og det skal han få, den som feller kjempa.

28Då Eliab, eldste bror til David, høyrde kva han tala med mennene om, vart han harm på David og sa: «Kva vil du her? Og kven har du fått til å gjæta den vesle saueflokken uti øydemarka? Eg kjenner dei store tankane dine og veit kor vond du er. Du er komen hit ned og vil sjå på slaget.»

29«Kva gale har eg no gjort?» svara David. «Det var då berre eit spørsmål.»

30Så vende han seg frå han til ein annan og tok opp att spørsmålet, og folket gav han same svaret som fyrste gongen.

31Det spurdest snart kva David hadde sagt, og Saul fekk òg høyra det. Han sende bod etter han,

32og David sa til Saul: «Ingen må missa motet! Tenaren din skal gå og strida med denne filistaren.»

33Men Saul svara: «Du kan ikkje gå mot filistaren og strida med han; du er då berre ungguten, og han har vore krigar heilt ifrå ungdomen.»

34Då sa David: «Tenaren din har ofte gjætt småfeet for far sin. Kom det då ei løve eller ein bjørn og tok ein sau i flokken,

35sprang eg etter udyret, slo det og reiv sauen ut or gapet på det. Og reiste det seg mot meg, treiv eg det i skjegget og slo det i hel.

36Både løve og bjørn har tenaren din felt, og det skal gå denne uomskorne filistaren som dei; for han har spotta fylkingane åt den levande Gud.»

37Og David la til: «Herren, som har berga meg frå løve og bjørn, han skal nok berga meg frå denne filistaren òg.» Då sa Saul til David: «Gå du! Herren vil vera med deg.»

38Så lét han David få si eiga rustning, sette ein bronsehjelm på hovudet hans og hadde på han ei brynje.

39David batt sverdet hans om seg utanpå kleda og ville til å gå. Men han hadde aldri prøvt det før. «Eg greier ikkje å gå med dette på meg,» sa han til Saul; «eg er ikkje van med det.» Så la han det av seg

40og tok staven sin i handa. I eit bekkefar leita han seg ut fem slette steinar og la dei i gjætartaska som han hadde med seg. Og slyngja si hadde han i handa. Så gjekk han fram mot filistaren.

41Imedan kom filistaren nærare og nærare bort imot David, og skjoldberaren gjekk føre han.

42Då filistaren såg fram for seg, fekk han auga på David, men vørde han ikkje. For David var berre ungguten, raudleitt og ven å sjå til.

43«Trur du eg er ein hund, sidan du kjem imot meg med kjeppar?» ropa filistaren til David. Og han forbanna David ved guden sin.

44Så sa han: «Kom hit til meg, så skal eg gje kjøtet ditt til fuglane under himmelen og dyra på marka.»

45David svara: «Du kjem imot meg med sverd og lanse og kastespyd; men eg kjem imot deg i namnet åt Herren, Allhærs Gud, han som er Gud for Israels fylkingar, han som du har spotta.

46I denne dag vil Herren gje deg i mi hand; eg skal slå deg i hel og hogga hovudet av deg. Og liket ditt og lika av filistarhæren skal eg i dag gje til fuglane under himmelen og villdyra på jorda, så heile verda kan skjøna at Israel har ein Gud.

47Og alt dette folket som er samla, skal skjøna at det ikkje er med sverd og spyd Herren gjev siger. Det er Herren som rår for krigen, og han skal gje dykk i vår makt.»

48Då no filistaren fór opp og kom bort imot David, sprang David brått fram frå fylkinga, mot filistaren.

49Han stakk handa ned i taska og tok opp ein stein, kasta han med slyngja og råka filistaren i panna. Steinen gjekk djupt inn i panna hans, og han stupte med andletet mot jorda.

50Såleis vann David over filistaren med slyngje og stein. Han felte filistaren og slo han i hel, endå han ikkje hadde noko sverd i handa.

51Med så gjort sprang David bort til filistaren, tok sverdet hans, drog det ut or slira og drap han. Så hogg han hovudet av han. Med det same filistarane såg at kjempa deira var død, rømde dei.

52Men israelittane og judearane storma fram med høge krigsrop og forfylgde dei til bort imot Gat og heilt til portane i Ekron. Det låg falne filistarar langs vegen frå Sja’arajim heilt til Gat og Ekron.

53Så forfylgde ikkje israelittane filistarane lenger, men drog attende og plyndra leiren deira.

54David tok hovudet åt filistaren og hadde det med seg til Jerusalem, men våpna hans la han i teltet sitt.

55Då Saul såg David gå fram mot filistaren, sa han til Abner, hærføraren sin: «Kven sin son er den guten, Abner?» Abner svara: «Så sant du lever, konge, det veit eg ikkje.»

56Kongen sa: «Finn ut kven sin son den ungguten er!»

57Då David kom att og hadde felt filistaren, tok Abner og førte han fram for Saul, medan han endå heldt hovudet åt filistaren i handa.

58Og Saul spurde: «Kven sin son er du, gut?» David svara: «Eg er son til Isai, tenaren din, i Betlehem.»

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 17.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.