1 Samuel 16NO1978NN

1Herren sa til Samuel: «Kor lenge vil du syrgja over Saul? Eg har då vraka han og vil ikkje ha han til konge over Israel. Fyll hornet ditt med olje og far i veg! Eg sender deg til Isai i Betlehem; for eg har sett meg ut ein av sønene hans til konge.»

2Men Samuel svara: «Korleis kan eg fara dit? Får Saul høyra det, drep han meg.» Då sa Herren: «Ta med deg ei kvige, og sei at du kjem og vil ofra til Herren.

3Bed så Isai til offerhøgtida! Sidan vil eg seia deg kva du skal gjera, og den eg då nemner, skal du salva for meg.»

4Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?»

5Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.

6Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»

7Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»

8Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

9Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.»

10Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»

11Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.»

12Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.»

13Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.

14Herren tok sin Ande frå Saul og sende ei vond ånd, som skræmde han.

15Då sa mennene åt Saul til han: «Vi ser at ei vond ånd frå Gud skræmer deg.

16Sei berre frå, herre, så skal tenarane dine, som står her framfor deg, leita opp ein mann som kan spela på harpe. Når så den vonde ånda frå Gud kjem over deg, skal han spela; då letnar det for deg.»

17Saul svara: «Ja, finn meg ein mann som er god til å spela, og før han hit til meg!»

18Då sa ein av dei unge mennene: «Eg kjenner ein son til Isai frå Betlehem, som kan spela. Han er ein sterk og djerv krigar og god til å tala for seg. Han er ein staseleg kar, og Herren er med han.»

19Så sende Saul bod til Isai og sa: «Send hit til meg David, son din, han som gjæter småfeet!»

20Då tok Isai eit esel, kløvja det med brød, ei hit med vin og eit kje og sende det med David, son sin, til Saul.

21Såleis kom David til Saul og gav seg i teneste hjå han. Og Saul fekk han kjær og gjorde han til våpensveinen sin.

22Han sende bod til Isai og sa: «Lat David få vera i teneste hjå meg! For eg likar han.»

23Når så ånda frå Gud kom over Saul, tok David fram harpa si og spela. Då letna det for Saul; han kjende seg betre, og den vonde ånda fór frå han.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Samuel 16.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.