1 Kings 12NO1978NN

1Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.

2Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der budde han.

3No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa:

4«Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»

5Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.

6Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»

7Dei sa: «Høyrer du på folket i dag, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»

8Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.

9«Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.»

10Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min.

11Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

12Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!»

13Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han,

14men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»

15Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.

16Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret: «Kva del har vi i David? Vi har ingen lut i Isai-sonen. Heim til telta dine, Israel! Syt no, David, ¬for ditt eige hus!» Så fór israelittane heim att.

17Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.

18Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem.

19Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.

20Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.

21Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo.

22Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så:

23«Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket:

24Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.

25Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.

26Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta.

27Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.»

28Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.»

29Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan.

30Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der.

31Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.

32Den femtande dagen i den åttande månaden heldt Jeroboam ei høgtid liksom den store høgtida i Juda, og han bar fram offer på altaret. I Betel gjorde han det så: Han ofra til kalvane han hadde laga, og lét prestar frå offerhaugane som han hadde skipa til, gjera teneste i Betel.

33Offeret bar han fram på det altaret han hadde bygt i Betel. Det var den femtande dagen i den åttande månaden, ein dag han hadde valt etter eige hovud. Då lét han israelittane halda høgtid, og sjølv steig han opp til altaret og ville ofra der.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Kings 12.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.