1Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet.
2Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei.
3Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg.
4Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore.
5Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane.
6Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort.
7På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane.
8Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger
10og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod.
11Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine.
12Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå.
13Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
14Herren laga det så at Salomo fekk ein motstandar. Det var Hadad, ein mann av kongsætta i Edom.
15Då David slo Edom, drog hærføraren Joab av stad og skulle gravleggja dei som var falne i striden, og han slo i hel alle menner i Edom.
16I seks månader heldt Joab seg der med heile Israels-hæren, til han hadde rudt ut alle menner i Edom.
17Då rømde Hadad saman med nokre edomittar, nokre av mennene til far hans, og tok vegen til Egypt. Hadad var berre småguten den gongen.
18Dei tok ut frå Midjan og kom til Paran. Der fekk dei med seg nokre menn og kom så til Egypt, til farao, kongen i landet. Han gav Hadad eit hus, sytte for mat til han og lét han få jord.
19Farao fekk stor godvilje for Hadad og gav han syster åt kona si, åt dronning Takpenes, til kone.
20Med henne fekk Hadad ein son, Genubat. Takpenes fostra han opp i huset åt farao, og sidan vart han verande der mellom sønene til farao.
21Medan Hadad var i Egypt, fekk han vita at David hadde gått til kvile hjå fedrane sine, og at Joab, hærføraren, var død. Då sa han til farao: «Lat meg få fara heim til mitt eige land!»
22Farao spurde: «Kva er det du saknar her hjå meg sidan du vil fara heim til landet ditt?» Han svara: «Ingen ting, men lat meg få fara likevel!»
23Gud lét endå ein motstandar reisa seg mot Salomo. Det var Reson, son til Eljada. Han hadde rømt frå herren sin, Hadadeser, kongen i Soba.
24Reson samla folk om seg og vart hovding for ein røvarflokk. Dei drog til Damaskus, slo seg ned der og gjorde seg til herrar i byen.
25Reson låg i strid med Israel så lenge Salomo levde. Både han og Hadad valda Israel skade. Han var konge over Aram og hata Israel.
26Jeroboam Nebatsson frå Sereda i Efraim var ein av Salomos menn. Mor hans heitte Serua og var enkje. Han gjorde opprør mot kongen.
27Såleis gjekk det til då Jeroboam reiste seg mot kongen: Salomo heldt på og bygde Millo og tetta opninga i muren kring byen som bar namn etter David, far hans.
28No var Jeroboam ein dugande kar, og då Salomo såg at denne ungguten gjorde godt arbeid, sette han han til å ha tilsyn med alt pliktarbeidet som Josefs-ætta laut gjera.
29Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka.
30Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke
31og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg.
32Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene.
33Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde.
34Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine.
35Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg.
36Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt.
37No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel.
38Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel.
39Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.
40Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.
41Det som elles er å seia om Salomo, om alt det han gjorde, og om visdomen hans, det står skrive i krønikeboka åt Salomo.
42I førti år var Salomo konge i Jerusalem og rådde over heile Israel.
43Så gjekk Salomo til kvile hjå fedrane sine og vart gravlagd i byen åt David, far sin. Og Rehabeam, son hans, vart konge etter han.