1Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne.
2Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno,
3for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei?
4Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til.
6Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.
7Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
8Den som plantar og den som vatnar, er eitt; men dei skal få løn, kvar etter sitt eige arbeid.
9For vi er Guds medarbeidarar; de er Guds åkerland, Guds bygning.
10Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.
11Ingen kan leggja ein annan grunnvoll enn den som alt er lagd, Jesus Kristus.
12Men om nokon byggjer på denne grunnvollen med gull, sølv, dyre steinar, tre, høy eller halm,
13så skal det ein gong syna seg kva slag arbeid kvar har gjort. Domens dag skal gjera det klårt, for han vert openberra med eld, og elden skal prøva korleis kvar manns verk er.
14Om det verket ein mann har bygt, står seg, skal han få si løn.
15Om verket hans brenn opp, må han lida tapet. Sjølv skal han verta frelst, men så som gjennom eld.
16Veit de ikkje at de er Guds tempel, og at Guds Ande bur i dykk?
17Øydelegg nokon Guds tempel, han skal Gud øydeleggja. For Guds tempel er heilagt, og dette templet er de.
18Ingen må dåra seg sjølv! Om nokon av dykk tykkjest vera vis i denne verda, lat han då verta ein dåre, så han kan verta verkeleg vis.
19For visdomen åt denne verda er dårskap i Guds augo. For det står skrive: Han fangar dei vise ¬i deira eiga list,
20og ein annan stad: Herren kjenner tankane Œt dei vise og veit at dei ingenting er.
21Difor må ingen rosa seg av menneske. For alt høyrer dykk til,
22anten det er Paulus, Apollos eller Kefas, anten det er verda, liv eller død, det som no er eller det som koma skal. Alt høyrer dykk til.
23Men de høyrer Kristus til, og Kristus høyrer Gud til.