1 Corinthians 2NO1978NN

1Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.

2For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.

3Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.

4Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.

5For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.

6Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.

7Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.

8Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.

9Men det står skrive: Det auga ikkje såg, det øyra ikkje høyrde, det som ikkje kom opp i nokon mennesketanke, alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,

10det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud.

11Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud.

12Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss.

13Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.

14Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis.

15Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon.

16For kven kjende Herrens hug, så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 2.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.