1 Corinthians 15NO1978NN

1Eg kunngjer dykk, brør, det evangelium som eg forkynte dykk, som de òg tok imot, som de òg står støe i.

2Ved det vert de frelste dersom de held fast på det ordet eg forkynte – så sant de ikkje til fånyttes har kome til tru.

3For fyrst og fremst overgav eg dykk det som eg sjølv hadde motteke, at Kristus døydde for syndene ¬våre etter skriftene,

4at han vart gravlagd, at han stod opp att ¬tredje dagen etter skriftene,

5og at han synte seg for Kefas ¬og deretter for dei tolv.

6Så synte han seg for meir enn fem hundre brør på ein gong. Dei fleste av dei lever enno; men nokre er avsovna.

7Sidan synte han seg for Jakob, så for alle apostlane.

8Og aller sist synte han seg for meg, eg som berre er eit ufullbore foster.

9For eg er den ringaste av apostlane, eg er ikkje verdig til å kallast apostel, for eg har forfylgt Guds kyrkje.

10Men av Guds nåde er eg det eg er, og hans nåde mot meg har ikkje vore fåfengd. For eg har arbeidt meir enn dei alle, det vil seia, ikkje eg, men Guds nåde som er med meg.

11Anten det no er eg eller dei andre – dette forkynner vi, og dette har de teke imot i tru.

12Men når det vert forkynt at Kristus har stått opp frå dei døde, korleis kan då somme av dykk seia at dei døde ikkje står opp?

13For står ikkje dei døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

14Men har ikkje Kristus stått opp, er bodskapen vår gagnlaus og trua dykkar gagnlaus.

15Då står vi som falske vitne om Gud; for vi har vitna imot Gud at han har reist Kristus opp, og det har han ikkje gjort dersom dei døde ikkje står opp.

16For står ikkje døde opp, så har heller ikkje Kristus stått opp.

17Men har ikkje Kristus stått opp, då er trua dykkar gagnlaus, og de er enno i syndene dykkar.

18Då er òg dei fortapte som er avsovna i trua på Kristus.

19Har vi berre for dette livet sett vår von til Kristus, då er vi ynkelegare enn alle menneske.

20Men no er Kristus oppstaden frå dei døde; han er fyrstegrøda av dei som er avsovna.

21Fordi døden kom ved eit menneske, så er òg oppstoda av døde komen ved eit menneske.

22For liksom alle døyr på grunn av Adam, skal alle få liv ved Kristus.

23Men kvar til si tid: Kristus er den fyrste; deretter fylgjer dei som høyrer Kristus til, når han kjem.

24Så kjem enden, når han overgjev kongsmakta til Gud, Faderen, etter at han har gjort ende på all makt og alt herredøme og velde.

25For han skal vera konge til Gud har «lagt alle fiendar under hans føter».

26Den siste fienden som vert tynt, er døden.

27For «alt har han lagt under hans føter». Når det heiter alt, er det klårt at Gud sjølv er unnateken frå dette. For det er han som har lagt alt under han.

28Men når alt er han underlagt, skal òg Sonen sjølv gje seg inn under Gud som har lagt alt under han, og Gud skal vera alt i alle.

29Kvifor lèt somme seg døypa for dei døde? Dersom dei døde ikkje står opp, kvifor lèt dei seg då døypa for dei?

30Og kvifor set vi oss i fare kvar time på dagen?

31Ja, eg døyr kvar dag, brør, så visst som det er dykk eg kan rosa meg av i Kristus Jesus, vår Herre.

32Var det berre med von for dette livet eg stridde mot villdyr i Efesos, kva hadde det gagna meg? Dersom dei døde ikkje står opp att, så «lat oss eta og drikka, for i morgon døyr vi»!

33Far ikkje vilt! «Låkt lag øyder gode seder.»

34Vakna retteleg opp og synda ikkje! For somme av dykk kjenner ikkje Gud. Til skam for dykk må eg seia det.

35Men no kunne einkvan seia: «Korleis står dei døde opp; kva slag lekam har dei?»

36Du uvituge menneske! Det du sår, vert ikkje til nytt liv utan at det døyr.

37Og det du sår, er ikkje det akset som veks opp, men eit nake korn, anten det er av kveite eller av anna såkorn.

38Men Gud lèt det få den skapnad som han har vilja, kvart slag korn sin eigen skapnad.

39Ikkje alt kjøt er av same slag. Det er eitt slag kjøt i menneske, eitt i fe, eitt i fugl, eitt i fisk.

40Og det finst himmelske lekamar og jordiske lekamar; ein glans har dei himmelske, ein annan dei jordiske.

41Ein glans har sola, ein annan har månen, og ein annan stjernene. Den eine stjerna lyser med klårare glans enn den andre.

42Såleis er det òg med oppstoda frå dei døde. Det som vert sått, er forgjengeleg. Men det som står opp, er uforgjengeleg.

43Det vert sått i vanære, det står opp i herlegdom. Det vert sått i vanmakt, det står opp i kraft.

44Det vert sått ein lekam som hadde sjel; det står opp ein åndeleg lekam. Så visst som det finst ein lekam med sjel, finst det òg ein åndeleg lekam.

45Såleis står det skrive: Det fyrste mennesket, Adam, vart til ei levande sjel. Den siste Adam vart ei ånd som gjev liv.

46Det åndelege var ikkje det fyrste, men det sjelelege. Så kom det åndelege.

47Det fyrste mennesket var frå jorda og skapt av jord; det andre mennesket er frå himmelen.

48Slik som det jordiske mennesket var, så er òg dei jordiske, og slik som den himmelske er, så skal òg dei himmelske vera.

49Og liksom vi har bore biletet av den jordiske, så skal vi òg bera biletet av den himmelske.

50Men det seier eg, brør: Kjøt og blod kan ikkje arva Guds rike, og forgjengelegdom skal ikkje arva uforgjengelegdom.

51Sjå, eg seier dykk ein løyndom: Vi skal ikkje alle sovna av, men vi skal alle verta omskapte,

52i hast, i ein augneblink, når den siste luren ljomar. For luren skal ljoma, og dei døde skal stå opp uforgjengelege, og vi skal verta omskapte.

53For dette forgjengelege må verta ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege ikledt udøyelegdom.

54Men når dette forgjengelege er ikledt uforgjengelegdom, og dette døyelege er ikledt udøyelegdom, då vert det ordet oppfylt som står skrive: Døden er gløypt og sigeren vunnen.

55Død, kvar er din brodd? Død, kvar er din siger?

56Brodden i døden er synda, og krafta i synda er lova.

57Men Gud vere takk, som gjev oss siger ved vår Herre Jesus Kristus!

58Difor, mine kjære brør, ver støe og urikkande; gjer alltid framsteg i arbeidet for Herren! For de veit at arbeidet dykkar i Herren ikkje er fåfengt.

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 15.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.