1 Corinthians 14NO1978NN

1Jag etter kjærleiken, streva etter åndsgåvene og mest etter å tala profetisk.

2For den som talar i tunger, talar ikkje for menneske, men for Gud. Ingen skjønar han, han talar løyndomar ved Anden.

3Men den som talar profetisk, talar for menneske, til oppbygging og påminning og trøyst.

4Den som talar i tunger, oppbyggjer seg sjølv; men den som talar profetisk, oppbyggjer kyrkjelyden.

5Eg skulle ynskja at de tala i tunger alle saman, men heller at de tala profetisk. Den som talar profetisk, er større enn den som talar i tunger, om han då ikkje tyder det han seier, så kyrkjelyden kan verta oppbygd.

6Set no, brør, at eg kjem til dykk og talar i tunger. Kva gagn har de av det, når eg korkje gjev dykk openberring eller kunnskap, profetord eller lære?

7Sameleis er det med livlause ting som gjev lyd, anten det er ei fløyte eller ein sitar. Dersom det ikkje er skilnad på tonane deira, korleis kan ein då skjøna det som vert spela?

8Og om ein stridslur gjev uklår lyd, kven bur seg då til strid?

9Såleis er det med dykk òg: Brukar de ikkje tunga til å tala tydelege ord, korleis kan ein då skjøna det som vert sagt? Då talar de bort i veret.

10Så mange språk det måtte finnast i verda, alle har dei si meining.

11Kjenner eg ikkje språket, vert eg ein framand for den som talar, og den som talar, vert ein framand for meg.

12Sameleis er det med dykk: Når de legg slik vekt på åndsgåvene, så søk å verta rike på gåver som byggjer kyrkjelyden!

13Difor skal den som talar i tunger, be om at han må kunna tyda det.

14For om eg bed når eg talar i tunger, så bed mi ånd, men vitet har ikkje nytte av det.

15Kva så? Eg vil be med ånda, men eg vil òg be med vitet. Eg vil lovsyngja med ånda, men eg vil òg lovsyngja med vitet.

16For om du lovar Gud i di ånd, korleis kan då ein som er til stades og ikkje skjønar dette, seia «Amen» til di takkebøn? Han veit ikkje kva du seier.

17Du held nok ei god takkebøn, men ingen annan vert oppbygd av det.

18Eg takkar Gud; eg talar meir i tunger enn nokon av dykk.

19Men når kyrkjelyden er samla, vil eg heller tala fem ord med vitet, så andre kan læra noko, enn tusenvis av ord i tunger.

20Brør, ver ikkje uvituge som born! I vondskap skal de vera born, men i vit skal de vera fullvaksne.

21Det står skrive i lova: Gjennom folk med anna språk og med framandt tungemål skal eg tala til dette folket; men endå vil dei ikkje høyra ¬på meg, seier Herren.

22Så er då tungetalen eit teikn, ikkje for dei truande, men for dei vantruande. Men profettalen er eit teikn for dei truande, ikkje for dei vantruande.

23Om no heile kyrkjelyden kjem saman, og alle talar i tunger, og det kjem inn utanforståande eller vantruande menneske, vil dei ikkje då seia at de har gått frå vitet?

24Men om alle talar profetisk og det kjem inn ein vantruande eller utanforståande, då vil han kjenna seg klaga og dømd av alle.

25Dei løynde tankane i hjarta hans kjem for dagen. Og han vil kasta seg ned, tilbe Gud og ropa ut: «Gud er sanneleg mellom dykk!»

26Kva så, brør? Når de kjem saman, har ein av dykk ein salme, ein annan eit ord til lærdom, ein har ei openberring, ein har noko å tala i tunger, og ein annan har tydinga. Men lat alt tena til oppbygging!

27Talar nokon i tunger, skal det ikkje vera meir enn to eller i høgda tre kvar gong. De skal tala éin om gongen, og éin må tyda.

28Er det ingen som kan tyda, skal den som talar i tunger, teia i kyrkjelyden. Han kan tala for seg sjølv og for Gud.

29To eller tre kan tala profetisk, og dei andre skal prøva det som vert sagt.

30Men får ein annan ei openberring medan han sit der, skal den fyrste teia.

31For de kan alle tala profetisk, men berre ein om gongen, så alle kan læra og alle få påminning.

32Profetar har herredøme over åndene som talar i dei.

33For Gud er ikkje uordens Gud, men freds Gud. Liksom i alle kristne kyrkjelydar

34skal kvinnene teia i kyrkjelydsamlingane. Dei har ikkje lov til å tala; dei skal underordna seg, så som lova seier.

35Men vil dei ha greie på noko, så lat dei spørja mennene sine heime. For det sømer seg ikkje for ei kvinne å tala i kyrkjelyden.

36Var det kanskje frå dykk Guds ord gjekk ut, eller er det berre til dykk det er kome?

37Trur nokon at han er profet eller åndsfylt, så må han skjøna at det eg skriv til dykk, er eit Herrens bod.

38Den som ikkje godtek dette, vert sjølv ikkje godteken.

39Difor, brør: Legg vinn på å tala profetisk, og hindra ingen i å tala i tunger.

40Men lat alt gå sømeleg og skipeleg til!

© 1978, 1985 by The Norwegian Bible Society (Det Norske Bibelselskap). All rights reserved worldwide. Used by permission through agreement with UBS (United Bible Societies). © 1978, 1985 Det Norske Bi

Choose Translation

Switch translation for 1 Corinthians 14.

Reading Settings

Paragraph viewDisplay verses as flowing paragraphs instead of individual lines
Show verse numbersDisplay verse numbers inline
Red letterHighlight the words of Christ in red

Sign in to save your reading preferences across sessions.